Reply to comment

45 menneskje omkom. 200 år sidan storskrea i Arnafjord i Vik

Nese i Arnafjord
I dag, 2. desember er det 200 år sidan ein stor skredulykke i Sogn. I år 1811 var det ei stor skredulukke på Nese i Arnafjorden i Vik. Skreda kravde 45 menneskeliv. Husa vart førte 600-700 meter ned til sjøen, og vrakrestar etter skreda vart funne heilt inn til Vangsnes.

Husa låg den gongen samla i eit klyngetun, difor omkom så mange. Visstnok var det 16 menneske som overlevde, slik at det i 1811 må ha vore ca. 60 personar på Nese.

Den gongen som no hadde det kome store nedbørsmengder. I november - desember 1811 hadde det striregna i dagevis, og folk var mange stader redde for skreder. Men ikkje på Nese, der det var rekna for å vera heilt trygt.

Ulukka fann stad i totida natt til måndag. Det starta med at det losna eit lite ras høgt oppe i fjellet over tunet. Skreda auka på etterkvart som ho seig nedover, og førte med seg stein, jord, snø og vatn. Husa vart krasa, nedøyrde av stein og jord, og førte til fjords. Berre eit par hus sto att.

Reply

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login