Reply to comment

Orgelbrus i Nordfjord og kommunale møtebøker

Vi svarar på mange ulike publikumsførespurnader ved Fylkesarkivet, og det er sjølvsagt kjempekjekt med positive tilbakemeldingar frå brukarane våre.

Ei slik kjekk tilbakemelding fekk vi her ein dag då tidsskriftet
Orgelspeilet nr 4- 2011 dumpa ned på pulten min, som takk for hjelpa frå
forfattaren av artikkelen om Orgelhistoria
i Nordfjord
. Rune Molvik var på jakt etter spor av orgelkjøp i nokre Nordfjordkommunar
i ein bestemt periode. Eldre kommunale møtebøker inneheld svært mykje
informasjon om kommunal drift og aktivitet, og di eldre dess meir detaljert
informasjon finn vi då i slike protokollar.  Orgelkjøp var ein heller stor investering, og
det ville vere rimeleg at dette var nemnt i dei kommunale møtebøkene. Til vår
store glede fann vi ein del opplysningar som kunne gå inn artikkelen.  Forfattaren var nøgd og vi likeeins.


Forfattaren leverer ein spanande artikkel om orgellandskapet
i Nordfjord, som strekkjer seg attende tilbake til 1890. Vi takkar for den
hyggelege gåva.

Reply

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login