Reply to comment

Minnemateriale etter 22.juli 2011 på Fylkesarkivet

Blomsterhav utanfor Oslo Domkyrkje, 25 juli 2011
Kring heile fylket vart det kveikt lys, lagt ned blomar, kort og andre gjenstandar etter dei tragiske hendingane i fjor sommar. I dei fleste kommunane vart det også lagt ut kondolanseprotokollar. Fylkesarkivet har arbeidd for å sikra dei minna som er moglege å ta vare på.

Fylkesarkivet har fått inn materiale frå meir enn 20 kommunar i fylket. Det er eit stort spenn i materialet. Her er kondolanseprotokollar, handlaga kort, barneteikningar, plakatar og jamvel bamsar og andre gjenstandar. Sams for materialet er at det vitnar om både ei trong for å syne personleg medkjensle og for å gjera det i eit fellesskap. Det er tydeleg at det er menneske i alle aldrar og med ulik bakgrunn som har ynskt å gjera noko, eller seia noko.

På mange måtar er det utfordrande å arbeide med eit slikt materiale. Minna vitnar om ein meiningslaus og brutal tragedie. Dei vitnar om sorg og tap og dei vitnar om ei hending som er nær i tid og som me alle har eit forhold til. Det er vanskeleg å ha eit profesjonelt perspektiv når ein handsamar dette materialet. Det er også utfordrande fagleg. Korleis skal det takast vare på? Korleis kan me formidle dette materialet på ein høveleg og god måte? Korleis kan ein syta for at ein også tek vare på samanhengen minna har vorte til i? Kvar var dei plassert? Låg dei i lag med andre gjenstandar? Vart dei lagde ut i samband med ei felles markering?

Me har ikkje funne svar på alt dette enno. Like fullt, både terrorangrepet og reaksjonane i ettertid er ein del av historia vår. Det er såleis viktig å ta vare på denne dokumentasjonen, både for oss og for seinare generasjonar. Det er viktig for dei som er råka av hendingane, for deira næraste, og for forskarar og ålmenta elles. Riksarkivaren har tidlegare rådd til at alt dette materialet vert samla inn, og no har han gjort vedtak om at det skal takast vare på og avleverast til eit arkivdepot som til dømes Fylkesarkivet. Dette gjeld då alt som er samla inn av kommunane, alle kondolansar som er komne inn, uansett medium og alt som er lagt ut på offentlege heimesider og sosiale medium. I tillegg skal ein, så langt det er mogleg, ta vare på opplysningar som gjeld publiseringstidspunkt og endringshistorikk.

Riksarkivet har sagt at dei kan gi råd om korleis dette skal gjerast. Fylkesarkivet vil også sjølvsagt prøva å hjelpa til dersom kommunane i fylket treng råd i samband med dette arbeidet.

Riksarkivet - Minnemateriale etter 22.07.2011:
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/15749

Reply

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login