Foto
Foto finst i mange former og i mange typar arkiv. Fotografia er viktige kjelder til kunnskap om fortida og samtida. Dei fortel oss både om korleis samfunn, busetnad og mykje meir har endra seg over tid, og om korleis sjølve fotografiet som uttrykksform har utvikla seg opp gjennom historia.
Home ›
Aktuelt
|
(05.02.2013)
Dei første fem negativalbuma etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) frå Stryn er no digitalisert og tilgjengeleg i fotobasen. Eit utval på 120 bilete frå samlinga er også gjort fritt tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.
|
|
(16.01.2013)
I dag er det fem år sidan den første bevaringsinstitusjonen la ut bilete til fri bruk på Flickr Commons. Vi feirar dagen med fire flotte fotogalleri sett saman av Library of Congress. I galleria finn du eit utval av dei mest populære og interessante bileta frå alle institusjonane som er del av Flickr Commons, Fylkesarkivet inkludert.
|
|
(02.01.2013)
Frå og med 1. januar 2013 kan du bestille digitale kopiar av fotografia Fylkesarkivet forvaltar til private bruksformål. Med denne endringa ønskjer vi å gi deg større fleksibilitet i bruken av bilete frå fotosamlingane våre.
|
Siste foto frå Fylkesarkivet på Flickr
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker








