Home ›
Om %1 i kulturhistorisk leksikon
Utanfor daglegvare-butikken i Ortnevik står ein minnestein om unionsoppløysinga i 1905. I 1967 fekk Olav Fitje i oppdrag å samla opplysningar om denne steinen, som kan henda er den einaste i sitt slag i fylket. Han snakka med Kari Hovland, fødd i 1883.
Nårekista er namnet på ein stein som ser ut som ei kiste med lok. Han ligg i vegkanten ved den gamle postvegen frå 1600-talet. Kista er "opna" og botnen delt i to. Namnet er frå norrøn tid og tyder likkiste.
Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Eitt år seinare vart kongen gjort til helgen og seinare kjend som Olav den heilage. Etter kvart voks det fram ei omfattande Olav-dyrking. Kultusen kom mellom anna til uttrykk i forteljingar om merkelege hendingar (Olav-segner), Olavskjelder med lækjande vatn og skulpturar. Ein av dei best kjende Olav-skulpturane opphavleg i Fresvik.
Åsebønakken ligg på nordsida av Hornindalsvatnet. Her var det vetestove og vete i eldre tider. Staden var eit punkt i det eldgamle landsdekkjande systemet for varsling av ufred. Artikkel KAL/SFF-062.1443 handlar om minnesteinen som står der. Denne artikkelen handlar om smeden som hogg innskrifta.
Kongshaugen heiter den runde haugen nokolunde midt på Dragseidet mellom Drage og Leikanger på Stadlandet. På haugen står Olavsbautaen, ein vel tre meter høg stein med innskrift frå 1919 og ei koparplate påsett i 1997. Steinen vart avduka under ei Olsokstemne.
År 997 stemnde Olav Trygvason bøndene i fylka Romsdal, Sunnmøre, Fjordane og Sogn til ting på Dragseidet. Dei fekk valet mellom å la seg døypa eller å halda slag. Bøndene våga ikkje å ta til våpen. Dei valde dåp og kristendom. I 1913 vart det reist ein steinkross til minne om hendinga. Kring 4000 menneske var tilstades.
Byen Scalloway på Shetland var i åra 1942 -1945 base i Nordsjøfarten (på Shetland kjend som The Shetland Bus), - den organiserte trafikken over Nordsjøen med agentar, utstyr, våpen og flyktningar. Det finst ei rekkje minnesmerke om denne farten, både i Noreg og på Shetland. I Scalloway er det fleire Shetland Bus-minnesmerke.
Tett attmed vegen ned mot Førde i sørenden av Breimsvatnet står ein kring to meter høg stein. Han blei reist i 1835 og markerte grensa mellom to futedøme (fogderi) og to prestegjeld. I 1964 vart grensene endra slik at steinen no i røynda er ein minnestein - om gamle grenser.
Dei fleste bruka på garden Søndre Nes hadde vårstøl på Elda og sommarstøl fire-fem kilometer inne i Eldedalen. Stølen har same namnet som dalen, og det skal ha vore 11 sel på det meste. Hausten 2005 stod det att seks. Stølsdrifta varde heilt til 1978.
Den kring 12 km lange Eldedalen går sørvestover frå staden Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Om lag 10 km inne ligg stølen Tuftene på nokså nøyaktig 600 moh. Her var sommarstøl eller fjellstøl for tre gardar. Alle husa er borte, men enno syner rester etter fire.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
