Om Leikanger i kulturhistorisk leksikon

På ei lita flate knapt 10 meter frå vegen inne i Henjadalen, står det ein uvanleg minnestein. Det var Norsk Arbeidstjeneste (AT) som reiste han i 1944, til minne om sitt eige arbeid med å byggja den om lag 5 km lange vegen opp til stølen Flyane.
Fadnastølen ligg på austsida i Njøsadalen under Kvannskar ca. 500 - 550 meter over havet. Fram til siste halvdel av 1900-talet var den nytta som heimestøl for sju bruk i Njøsagrendi.
Om lag 3 km inne i Friksdalen, ca. 800 m o.h ligg Svolset, eit eldgamalt stølsområde med ikkje mindre enn 15 tufter. Dei er datert til perioden 400-800 e.Kr, men det er uvisst kor mange av tuftene som var i bruk samstundes. Arkeologane held på med utgravingar og registreringar i dette spennande området.
Baldersteinen er det offisielle namnet på ein nær 8 meter høg bautastein like ved den nye kyrkjegarden i Leikanger. I sitt slag skal han vera den største i landet. Steinen har opp gjennom åra vore nemnd med fleire namn, og det har vore ulike oppfatningar om alder og opphav. På 1800-talet blei mange kunstnarar fascinert av den gigantiske og gåtefulle bautasteinen.
Leikanger kyrkje er ei langkyrkje i stein frå om lag 1250. Kyrkja, som har 260 sitjeplassar, vart vigsla 14. november 1872 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland etter ei omfattande ombygging. Ombygginga skjedde etter teikningar av arkitekt Christian Brodtkorp Christie. Leikanger kyrkje er, etter 1999, den einaste kyrkja i Leikanger prestegjeld.
Leikanger har fleire eldre bygningar knytta til offentleg styre og stell. Bygningane ligg på rekkje og rad langs strondi, rekna frå Hanahaug og innover: Prestegarden, Klokkargarden (kyrkjelydshus), Tinghuset frå 1939, Sorenskrivargarden og Fylkesmannsgarden. Nyare hus er Tinghus I og II, Statens Hus (attmed Skrivareiki), Fylkeshuset, Vegvesenet sitt hus, og endå eit nytt statens hus. Dei tre siste ligg på Hermansverk. Dette stykket handlar om Sorenskrivargarden.
Syttandemaihaugen på Eitorn er eit interessant kulturminne. Stadnamnet vitnar om ein bygdesamlingsstad på nasjonaldagen, svære grantre i ein sirkel ber bod om alder, og enkle benker og ein krossmerkt "talarstol" tyder på at staden framleis er samlingsplass.
Prestesteinen, med namnet på alle Leikangerprestane i perioden 1522-1975, står på ein liten parkeringsplass utanfor Leikanger kyrkje. Ein av dei, Erik Nordal, styrde embetet i 40 år. Steinen låg i årevis attmed eit uthus på prestegarden fordi folk ikkje blei einige om kvar han skulle stå. Natta til 17. mai 1961 ordna grønrussen opp.
Olaf Huseby, fødd 1856 i Leikanger, død 1942 i Amerika, gjekk lærarskulen på Stord, men slutta i læraryrket etter tre år. I staden vart han utgjevar og forleggjar, fyrst i Kristiania, seinare i Amerika. Han vart gravlagd på ein kyrkjegard i Michigan. Grava er der enno, men ingen gravstein.
Den 25. april 1940 var D/S "Kommandøren" på veg inn Sognefjorden med kring 100 mobiliserte som blei sette på land på Leikanger. Straks etter, medan båten låg til kai, gjekk tyske bombefly til åtak. Mannskapet rømde på land og kapteinen vart dødeleg skadd av ein bombesplint. Han vart gravlagd på Leikanger kyrkjegard. Grava har status som krigsgrav.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login