Home ›
Om Luster i kulturhistorisk leksikon
Brusambandet over Leirdøla på Jostedalsvegen er eit særs interessant stykke veghistorie. Her er to bruer, - ei betongbjelkebru av nyare dato og ei stålfagverksbru frå 1934. Dessutan er det restar etter ei eldre steinbru, og namnet Leirdøla bro innhogge i berget.
Onsdag 25. mai 2005 var ein geologisk merkedag i Sogn og Fjordane. Då vart det opna ein steinpark i Stryn med nasjonalstein, fylkesstein og ein stein frå kvar kommune. Luster sin stein er ei steinhelle frå Dalsdalen.
Me har fleire døme på to generasjons-bedehus i fylket. Det gamle bedehuset måtta vika plassen for eit nytt. Føremålet var å få eit meir tenleg hus i høve til nye krav. Bedehuset i Fortun er eit andre generasjons hus. Det første vart bygd i 1908, det andre stod ferdig i 1970. Men det var ein spesiell grunn som førde til nytt bedehus i Fortun. Det kom i vegen for ein transformator.
Hafslo kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i bygda Hafslo i Luster kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 4. desember 1878. Arkitekt J. Faye laga teikningane. Hafslo kyrkje er soknekyrkje for Hafslo sokn og hovudkyrkje for Hafslo prestegjeld.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om tida kring 1905 i Hafslo kommune.
Fet kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Fet i indre Hafslo i Luster kommune. Kyrkja, som har 220 sitjeplassar, vart vigsla 12. november 1894 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Byggmeister var John Alver. Fet kyrkje er soknekyrkje i Fet og Joranger sokn, som frå 1. januar 1967 høyrer til Jostedal prestegjeld.
Laurdag 13. august 1994 var ''heile bygda'' på Veitastrond oppe ved Austerdalsbreen for å vera til stades på avdukinga av ein minnevarde. Det var nesten på dagen hundre år etter at den kjende engelske fjellklatraren William Cecil Slingsby og to andre utforska denne brearmen for fyrste gong.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Jostedal kommune.
Bjørkehagar er utvikla på marginale jordbruksområde, ofte der to eller fleire haustingsmåtar er kombinerte. Den viktigaste driftsforma var ein kombinasjon av beiting og lauving av trea. Men hagemarkene vart også ofte slått, noko ein i dag tydeleg ser på opplegg av små rydingsrøyser. På Kroken ser ei
Ut frå gamle jordbruksteljingar og statistikkar ser ein at ein kunne hente svært mykje av vinterfôret frå hagemarka og utmarka. Mange stadar i Luster, og kanskje spesielt på sørsida, sytte lauvet for brorparten av vinterfôret.
Å bruke lauv som for har svært lange tradisjonar både i Luster,
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
