Home ›
Om Luster i kulturhistorisk leksikon
Nes kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Nes i Luster kommune. Kyrkja, som har 110 sitjeplassar, vart vigsla i 1836 av prost Wilhelm Christian Magelsen. Ho er bygd etter typeteikningar av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow. Nes kyrkje er soknekyrkje for Nes sokn i Luster prestegjeld.
Fylkesbaatane hadde stoppestad i Gaupne frå 1910 til 1966. Kaien - eller Hotlakaien som vart den vanlege nemninga - låg på austsida av fjordbotnen, på gardsbruket Hotlen, ein snau kilometer ut frå dagens sentrum. Trevyrket i bryggja vart rive ei tid etter at dampskipsekspedisjonen var nedlagd. Men den vesle ekspedisjonsbygningen står enno att.
Jostedal hadde i eldre tider to vegar til omverda sør i kommunen. Den eine gjekk ned dalføret til Gaupne. Den andre tok opp frå Ormbergstøl til Vigdal, over Storehaug og ned Dalsdalen til Dale i Luster. Stykket frå Ormbergstøl til Skardet i Vigdal er kring to kilometer.
Den kring 12 km lange Eldedalen går sørvestover frå staden Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Om lag 10 km inne ligg stølen Tuftene på nokså nøyaktig 600 moh. Her var sommarstøl eller fjellstøl for tre gardar. Alle husa er borte, men enno syner rester etter fire.
Dei fleste bruka på garden Søndre Nes hadde vårstøl på Elda og sommarstøl fire-fem kilometer inne i Eldedalen. Stølen har same namnet som dalen, og det skal ha vore 11 sel på det meste. Hausten 2005 stod det att seks. Stølsdrifta varde heilt til 1978.
Fortun kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fortun i Luster kommune. Kyrkja, som har 230 sitjeplassar, vart vigsla i 1879. Arkitekt Erik Pedersen Rusten laga teikningane. Fortun kyrkje er soknekyrkje for Fortun sokn i Luster prestegjeld.
Turtagrø har i uminnelege tider vore stoggestad for ferdafolk over Sognefjellet, og eit mangfald av spor vitnar om variert utmarksbruk, - stølsdrift, torvskjering, beiting, jakt og fangst. I meir enn hundre år har Turtagrø også vore startpunkt og endemål for fotturistar og fjellklatrarar. Stadig fleire - frå inn- og utland - har søkt til denne delen av Jotunheimen på jakt etter spenning og utfordringar. Nokre ganske få var uheldige. Dei kom til skade eller i verste fall miste livet. Det er óg ein del av soga til fjellheimen ved Turtagrø.
På Børtnes i Kinsedalen har dei ein svært gamal åttæring. Han er truleg minst eitt hundre år gamal. Det har vorte fortalt at dei brukte båten ved "ei folkerøysting". I nærare åtti år vart denne godt bevarte sognebåten brukt som skyssbåt og føringsbåt for bruket på Børtnes og andre.
Dei fleste gravminna kjem bort med åra. Berre ein liten del blir tekne vare på. Fet kyrkje har to gravminne som på kvar sin måte byter seg ut frå dei andre. Det eine ved at det er fleire hundre år eldre enn alle hine. Det andre ved at det ser annleis ut - ei svær helle aust på kyrkjegarden. Her skal me sjå nærare på det siste.
"Johanna Haugen av Luster, fødd i Luster 2/6.1908, upteki i skulen [ved] Sogns Barneheim 1/10 - 1917 og utskrivi frå folkeskulen 21. juni 1924. Ho hev tungt næme, [har] arbeidt med bra trott, og vunne seg noko kunnskap i læreemne. På skulen hev ho skikka seg sers vel." Dette var avgangsvitnemålet til Johanna Haugen då ho reiste frå Sogns barneheim i 1924. Kven var ho? Kvifor kom Johanna på barneheim? Korleis gjekk det med henne i livet?
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
