Home ›
Om Luster i kulturhistorisk leksikon
Gaupne bedehus vart vigsla i 1929. I 1952 miste bedehuset den viktigaste skriftlege kjelda til soga om bedehuset. Heile bedehusarkivet gjekk med i ein brann. Då bedehuset feira 50-årsjubileum i 1979, laga Gudrun Vigdal eit historisk oversyn - så godt det let seg gjera. Ho snakka med eldre folk. Til 70-årsjubileet oppdaterte ho oversynet. Mesteparten av denne artikkelen byggjer på Gudrun Vigdal sitt bedehushistoriske arbeid, og eit stykke om bedehuset av Leiv Bollingberg.
I Marifjøra står eit av dei eldste bedehusa i fylket. I over hundre år gjekk folk på bedehuset her, - på møte, misjonskveldar, basarar, juletrefestar og søndagsskule. I 2006 står huset ubrukt.
Frå Fåbergstølsgrandane i Storedalen (øvste delen av Jostedalen) går Sprongdalen nordaustover opp til Styggevatnet på vel 1100 m o.h. Ein dryg kilometer framme i dalen kjem Vetledøla ned frå Vetledalen. Det kunne vera vanskeleg, jamvel umogeleg, å koma over her når det var stor vassføring og det ikkje var bru.
28. juli 1939 kom to personbilar frå Austlandet køyrande ned til Skjolden. Dei stogga på Fjøsne og tok bilete av eit stort turistskip som låg for anker. Det var det polske amerikalinje-skipet "Pilsudski". Fire månader seinare vart båten minesprengt i Nordsjøen.
Rebekkakrukke. Ordet finst ikkje i gjengse ordbøker og oppslagsverk. Men rebekkakrukker er reelle nok. I 1891 løyvde kommunestyret i Sogndal pengar til innkjøp av to "Rebækkakrukker" og i Jostedal står to rebekkakrukker bortsette i eit eldfast skåp.
I 1964 reiv bedehusfolket på Hafslo bedehuset sitt, og bygde nytt. Det førti år gamle huset hadde eit svært uvanleg bedehuseksteriør og var bygd av reisverk heilt utan isolasjon. Styret søkte råd hjå fagfolk som rådde til å byggja nytt framfor å utbetra. Det nye huset vart teke i bruk med opningsfest i februar 1965.
På vestsida av Myklemyr skjer fleire trange gjel seg opp den stupbratte fjellsida. Eit gjel endar opp i den tronge og vanskeleg tilgjengelege Kvernadalen. Eit anna fører opp i eit vidare og opnare lende, meir som ein dal, kalla Hompedalen. Her hadde fleire gardsbruk på Myklemyr sommarstøl.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905-stortingsmannen Fredrik Fraas frå Hafslo.
Den 29. mai 2005 kunne bedehuset i Lambhaug på dagen feire sine 50 første år etter innviinga i 1955. Dette forsamlingshuset som ligg oppe i bakken ovanfor det gamle samvirkelaget, eller forretningsbygget til Josvanger Elektro som det er i dag, har gjennom alle desse åra trekt til seg utruleg mykje folk. Og huset er minst like mykje i bruk no som det var dei første åra etter bygginga.
I eldre tider brukte dei heimane og skulehuset til kristelege møte og samkomer i Solvorn. Men under krigen (1940-1945) kom tanken opp om eige forsamlingshus. Dei vedtok lover for det påtenkte huset i 1944, og kom i gang med byggjearbeidet i slutten av 50-åra. Solvorn bedehus vart vigsla søndag 16. august 1959.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
