Home ›
Om Luster i kulturhistorisk leksikon
Nigardsbreen er eit populært reisemål i Jostedalen. Rett nedom vegskiljet til Bresenteret og vegen inn til Nigardsbrevatnet står ein stor to og ein halvetasjes trebygning som ikkje er i bruk. På framsida står det måla med store bokstavar: JOSTEDALSBREDENS TURISTST. Under kvitmålinga kan me skimta ..TEL, - eit spor frå tida då huset var hotell.
Ved det nedlagde småbruket Husøy kring 12 km oppe i Jostedalen, går det bru over det tronge Haukåsgjelet og veg opp til Vigdal. Jostedalsvegen held fram gjennom tunnell som vart opna i 1959. Langs gjelet syner restar etter vegen som vart bygd her i åra 1889-1891. Før 1891 gjekk Jostedalsvegen høgare oppe, over Haukåsen. Gamlevegen her låg urørd i utmark heilt fram til 2003.
Den 656 m lange tunnellen på vegen mellom Marifjøra og Gaupne vart bygd i åra 1974-1976. Gamlevegen langs sjøen på utsida er framleis open som fotsti. Her er litt av kvart å sjå og leggja merke til: - variert vegetasjon, bergarten, oppmuringar, ein kai av nyare dato, - og ein gamal grensestein.
- Han var ein legende som folk hugsar enno. Det var Gudrun Vigdal sine ord hausten 2007 om smeden Erik Øvrebø. Han var fødd i 1873 på Øvrebø i Gaupne, gjekk i smedlære på Kyrkjebø og byrja i 1890-åra som smed i Marifjøra. Etter kvart vart han heitande Fjøresmeden. Erik Øvrebø dreiv smia si i Marifjøra i nærare 60 år! Ein del av føremålet med dette stykket er å visa at fleire slag kjelder kan fortelja noko om Smeden i Marifjøra, Erik Øvrebø.
Samson Brathole frå Dale i Luster fatta tidleg interesse for fotografering, og reiste som 25-åring til Bergen for å utdanne seg innanfor feltet. I løpet av karrieren dreiv Brathole firma i både Arendal og Bergen i tillegg til at han fotograferte mykje i heimkommunen Luster.
Dalsdalen går nordover frå Dale i Luster. I eldre tider var dalen spisskammeret til gardane nede ved sjøen. Her var gode slåttemarker og beite, og rikesleg med lauv og ris. Dei frakta foret heim med hest og slede. På Tadlagjerdet var det stoppestad for hestane. Det stod ein drikkestein der og eit skilt med påminning om la hestane få kvila. No er drikkesteinen borte, men skiltet står att.
Bedehuset på Skjolden står på Nedre Bolstad, tett attmed vegen inn til Mørkrisdalen. Huset har fleire fellestrekk med andre bedehus bygd før 1930: påbygg, nye vindauga og modernisert inventar. Elles deler det lagnad med ein del andre bedehus når det gjeld verksemda, - aktiviteten har minka dei siste åra.
Bolette var målkvinne, kritikar, omsetjar og forfattar frå Sogn. Ho var fødd i Sogndal, men budde mykje i Ytre Kroken i Luster kommune. Det meste av sitt vaksne liv budde ho Bergen der ho var hovudkritikar i Bergens Tidende.
¿Her har det vori lite gjort til denne tid, men vilkåri er her. Naturi er skiftande med brear og fjell, fossar og vatn og mildt og sterkt i fager sameining. Ein lekk i rett lei er det no ein no byggjer bilveg til Nigardsbreen¿ (Sitat frå møteboka til kommunestyret i Jostedal 1957 om sak ¿ turistnæring.)
Bolette Christine Pavels Larsen (1847-1904) var den første forfattaren som skreiv forteljingar på sognadialekt. Ho var fødd i Sogndal, men hadde og slekt i Kroken i Luster. Ho var ein god litteraturkritikar i Bergens Tidende. Amalie Skram tykte godt om kritkkane hennar.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
