Home ›
Om Luster i kulturhistorisk leksikon
Jostedalen var lenge eit svært isolert dalføre. Den store breelva går i tronge gjel, og det var vanskeleg å få farbar veg til sjøen. Rundt midten av 1800-talet såg fylket det som si oppgåve å gi innlandsbygdene vegutløysing til sjøen, og fylket gav si første bygdevegsvegløyving til Jostedalen i 1842.
¿Turtagrø har fått ord på seg for å vera norsk klatresport si vogge; det var her frøet til tinde- og klatresporten i Noreg vart sådd og slo rot, det var her, rett under Hurrungane, dei klarteintresserte fann draumestaden sin.¿ Ola J. Berge bygde det fyrste hotellet på Turtagrø i 1888.
På sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden, ligg tettstaden Marifjøra. Riksveg 55 mellom Gaupne og Sogndal går utanom Marifjøra, men frå denne riksvegen går den stuttaste riksvegen i Noreg. Køyrer ein den 400 meter lange riksveg 603 kjem ein til Marifjøra. Bryggja ved fjorden var tidlegare det viktigaste bindeleddet med omverda, men trafikken på fjorden er ikkje lenger så viktig.
Frå Mjølvergrendi, bygda ved Breheimsenteret, gjekk det frå gammalt av ferdselsveg framover dalen på vestsida av elva - til stølen Bjørnstegane. Vegen vert lite brukt no, men han er framleis godt synleg i terrenget. Magda Bukve tek oss i dette stykket med på ein tur på gamlevegen frå Mjølver til stølen Bjørnstegane. Ho brukar i-form.
Steingjerde på kryss og tvers er eit karakteristisk trekk ved det gamle kulturlandskapet i Dalsdalen som går nordvestover frå fjordbygda Dale i Luster. Mange gardar ved fjorden hadde fleirsidig utmarksbruk eit stykke inne i dalen.
Tadlagjerdet er vår- og hauststøl for gardane på Øygardssida i Dalsdalen og for nokre av bruka nede i bygdi. Det har i alt vore 10-11 sel i denne stølsgrendi, no er det att 7. Eitt av dei er særmerkt ved at det er bygd av berre stein.
Bygning og innbu i Dale kyrkje gjev eit mangfelt vitnemål om ei 750 år lang soge. Klebersteinsportalane åleine set kyrkja på kartet, og mellom høgdepunkt elles er etter-reformatoriske kalkmåleri.
Garden Modvo i Hafslo vart bureist og brukt i perioden 300 - 500 e.Kr. Deretter vart han liggjande øyde og aldri seinare teken opp att. Difor kunne arkeologane i 1960-åra avdekka eit gardsanlegg her, som er det einaste kjende frå denne tida i Sogn og Fjordane.
I 1938 stod køyrevegen over Sognefjellet ferdig. Det var dei harde økonomiske forholda i 1930-åra med stor arbeidsløyse som var den direkte årsaka til at Sognefjellsvegen og mange andre vegar i landet vart bygde. Den er Noregs høgaste høgfjellsveg - og har ord på seg for å vera ein av våre aller vakraste turistvegar.
Det er ein stor dag for Veitastrondi, sa vegsjef Abrahamsen då Veitastrondvegen opna 20. oktober 1956. Gleda var stor i bygda, men etter kvart viste det seg at vegen var svært rasfarleg vinters tid. Vegen kunne vera stengd i vekevis. I fleire ti-år kjempa bygdefolket for ein sikrare veg.
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
