Vestlandskappleiken 2011
Vestlandskappleiken 2011
Fredag 7.oktober er det konsert med hardingfelespelar Håkon Høgemo frå Årdal. Konserten er på Sande kro og hotell kl. 20.00.
Kappleikstevlingane er på Sande skule laurdag 8.oktober. Elin Grytting, Joar Solheim og Britt Karin Sørland er dommarar innan dans. I kategorien vokal vert deltakarane vurdert av Elin Grytting, Kirsti Timenes Bell og Eva Marie Toppe. Håkon Høgemo, Kolbjørn Taklo, Eva Marie Toppe (fele/hardingfele) og Kirsti Timenes Bell (durspel) er dommarar for utøvarane som tek del i kategorien spel.
Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris 2011 skal delast ut. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
Musikkarkivet oppmodar alle interesserte til å ta turen til Sande i Sunnfjord til helga!
Les meir om Vestlandskappleiken her.
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



Add comment