Synnøve S. Bjørset på turné med julekonsert

Synnøve S. Bjørset på turné med julekonsert

Synnøve S. Bjørset (foto: Vegard Fimland)
Synnøve S. Bjørset (foto: Vegard Fimland)
Denne veka inviterer Synnøve S. Bjørset enda ein gong til Synnøves julekonsert. For sjuande året på rad reiser hardingfelespelaren frå Jølster på juleturné i Sogn og Fjordane.

Saman med Solbjørg Tveiten (folkesong) og Sigbjørn Apeland (trøorgel), kjem Synnøve S. Bjørset (hardingfele og oktavfele) til å framføre julesalmar med tonar frå fylket, arrangert for song, fele og trøorgel. I tillegg til desse tre tek årets gjest, Tuva Livsdatter Syvertsen, del på konserten. Til vanleg er ho vokalist og frontfigur i hardingfeletrioen Valkyrien Allstars.

Musikarane reklamerar med «ekte julestemning, lite stress, ingen jingle-bells eller cola-nissar».

Billettsal ved inngangen.

Turnéen er støtta av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde og Fond for utøvende kunstnere.

Tysdag 6.desember: Gimmestad kyrkje, Sandane, kl. 20.00

Onsdag 7.desember: Kaupanger stavkyrkje, Kaupanger, kl. 20.00

Torsdag 8.desember: Eikaasgalleriet, Ålhus, kl. 20.00 

Les meir om Synnøve S. Bjørset her.

Fylkesarkivet sine eigne lydopptak av Synnøve S. Bjørset finn ein her.

Del artikkel

Del sida

Add comment

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Comments

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login