Home ›
Skileik på Systrond
Skileik på Systrond
Publisert av Per Olav Bøyum, onsdag 01.02.2012
Blå himmel og gnistrande skiføre lokkar oss i desse dagar til uteaktivitetar. Det gjorde det òg på Leikanger for 90 år sidan. Fylkesarkivet har digitalisert ei skiavis frå 1922, med både dikt, rennreferat og rapport frå ein hyttetur.
Leikanger Skilag vart stifta i 1919. Det kom til i ein periode då interessa for skigåing var aukande i Sogn. Skiemissæren Henrik Angell farta vide omkring og heldt vekkingsmøte om vintersportens gleder.
I skiavisene finn ein ei blanding av skjemt, dikt og referat frå skitevlingar. Fylkesarkivet oppbevarer skiaviser frå Leikanger for perioden 1921-1927. Dei er eigde av De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum, og er ein del av dokumentsamlinga frå museet, det såkalla Sognaarkivet.
Fylkesarkivt har skanna og publisert Leikanger skiavis frå 1922
Om Leikanger i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Add comment