Smed i Sogndalsfjøra

Smed i Sogndalsfjøra

Frå dagboka til Mikkel Larsson Stenehjem
Frå dagboka til Mikkel Larsson Stenehjem
Fylkesarkivet har motteke tre dagbøker ført i pennen av Mikkel Larsson Stenehjem. Han var smed i Sogndalsfjøra frå byrjinga av 1870-talet og fram til han døydde i 1912. Den fyrste dagboka er no digitalisert og ligg tilgjengeleg på Internett.

Dagboka er ei av tre Mikkel let etter seg. Dei to andre vil òg med tid og stunder bli skanna og publisert på nettet. Bøkene er i noko dårleg forfatning. Ein del av blada har løysna, og ligg som lause ark i protokollen. I tillegg har fleire av sidene blitt frynsete i kantane.

Men innhaldet er spanande. Dagbok 1 har ytterår 1878-1912. Mikkel førte opp alle gjeremåla sine, noterte kva kundar han hadde og kom i tillegg med opplysingar av meir privat karakter. Dagbøkene gjev såleis ei fin skildring av virket åt ein handverkar i andre halvdel av 1800-talet.

Jarle Bondevik har skrive om Mikkel i "Smed i Sogndalsfjøra". Kontakt Gunnar Orrestad dersom du ynskjer å kjøpe dette skriftet:
gunnar.orrestad@gmail.com

Les dagbok 1

Litteratur og kjelder:

- SFF-2012118 Stenehjem, Mikkel Larsson
- Bondevik, Jarle: Smed i Sogndalsfjøra. Bergen: Bondoni forlag 2011

Del artikkel

Del sida

Add comment

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Comments

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login