Førde kommune har avlevert arkivet sitt
Førde kommune har avlevert arkivet sitt
Det måtte ein stor flyttebil til for å flytta arkivet frå Førde. 117 kassar vart plasserte på til saman 15 pallar. Desse pallane tek opp ein stor del av gangen i magasinet vårt, så no skal jobben med å få det i hyller starta. Det er ein tidkrevjande jobb me skal ta til på – å plassera arkivmaterialet i hyller, systematisera d og registrera det , samt gjera det tilgjengeleg i Arkivportalen.no. Når me er komne så langt, vil det vera mogleg for publikum å få innsikt i kva type arkivmateriale som finst frå Førde kommune.
Førde er den 23. kommunen som har avlevert sitt kommunale arkiv til depot på Fylkesarkivet. Me skal ta vare på arkiva frå desse kommunane, systematisera og ordna dei, samt gje innsyn i dei på førespurnad frå publikum. Det er mogleg å ta kontakt med oss for å få svar på konkrete spørsmål, eller de kan besøka lesesalen vår og få sjå i arkivmaterialet sjølve. Dersom de ynskjer å koma på lesesalen ber me om at de tek kontakt nokre dagar i førevegen der de avtalar tid for besøket og kva arkivmateriale de er interesserte å sjå.
Om Førde i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker




Add comment