Gulen kommune er no i «boks»
Gulen kommune er no i «boks»
Avdelinga for kommunale arkiv har som årsmål å redusere
etterslepet med arbeidet innan samlingsforvalting til eit minimum, og arbeidet går
framover. Denne veka fekk vi grovordna det eldste arkivet etter Gulen kommune,
listeført det og sett det i system på sine respektive hyller. Neste steg i
prosessen er å klargjere arkivlistene digitalt.
Gamle arkiv kan ha hatt meir tvilsame tilhaldsstader før dei
blir deponerte hos oss og ber klart preg av dette. Sopp, mugg og råte er ikkje ukjent for ein
arkivar, men slikt problemmateriale vert identifisert før det hamnar i magasina
våre. Støv, skit og muselort derimot er
meir uproblematisk og handterleg problematikk, utriveleg, men ikkje til å unngå
i ein arkivkvardag. Heldigvis var det denne gongen berre ein kasse der vi måtte
støvsuge kvart dokument og kvar protokoll, og det var berre eitt dokument som
verkeleg hadde falt i smak hos musa. Papir
er mat for mus så det kunne ha vore verre!
Om Gulen i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



Add comment