Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr
Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) på Flickr
Knut Aaning var fødd i Stryn 23. april 1880. Vi veit at han gjekk i lære som fotograf i Bergen, men vi veit ikkje hos kva fotograf han hadde læretida si. Frå ca. 1900 tok han til å jobbe som fotograf heime i Oppstryn. Når han døydde berre 42 år gamal i 1922 vart huset hans seld. Negativsamlinga hans som stod lagra i huset fekk dei nye eigarane med på kjøpet. I fleire tiår stod platesamlinga til Aaning lagra i kjellaren. Men når huset så skulle rivast på 1960-talet vart platene flytta ut til revehagen. Her vart dei ståande i vel eit tiår framtil også revehagen vart riven. Negativsamlinga til Aaning som opphavleg truleg talde tusenvis av glasplatenegativ enda då på søppelfyllinga. Dei 23 fotografia som vi har att i dag er nærast ein tilfeldig rest som har overlevd åra med dårlege lagringstilhøve, flytting og rivingsarbeid.
Vatn og muggsopp har satt sitt preg på glasplatene, men til trass for den harde medfarten platene har fått opp gjennom åra vitnar dei likevel om at Knut Aaning må ha vore ein dyktig fotograf. Enkelte av dei store gruppebileta er knivskarpe: Når ein bles opp bileta kan ein studere bryllaupsgjestene sin klesdrakt og utsjånad i detalj.
Bileta på Flickr-profilen vår kan du laste ned i høg oppløysing og bruke som du vil. Send oss gjerne ein e-post eller legg inn ein kommentar om du har opplysningar til bileta. Vi vil gjerne vite kven som er på bileta og kvar dei er tekne.
Om Stryn i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



Add comment