På frigjeringsdagen 8. mai
På frigjeringsdagen 8. mai
Olav Rise var med i motstandsrørsla. Han var handelsstyrar på Jordalsbutikken på Hanahaug i Leikanger og dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane. Saman med fleire andre vart han arrestert i ein gestaporazzia 4. februar 1945. Fangane vart tekne til Høyanger, seinare til Bergen. Olav Rise vart så hardt torturert at han døydde 15. februar. Kona fekk melding om at mannen var død, men ho fekk han ikkje heim.
Det gjekk lang tid før dei fann Olav Rise. «Først i månadsskiftet juni/juli vart han funnen i ei myr på Laksevåg,» fortel Einar Svartefoss i boka si «5-årsnatta. Leikanger i krigsåra 1940-1945» «Båra hans kom frå Bergen med «Nordfjord 1» sundag 8. juli. Før båten gjekk, var det ei stor minnehøgtid der fangar og andre som hadde vore med i striden, i heimefrontfolk elles, slekt og vener var samla. Direktør Anton Steen la ned krans frå Fylkesbaatane og kapteinløytnant Martens Meier frå Mil. org. Mange fylgde med til Leikanger.» (...)
«Båra med det norske flagget og kransar vart boren på land av dei tre brørne til Olav og svogeren hans og vart straks førd til kyrkja. Flagga blakra frå kvar ei stong over heile bygda den vakre soldagen. Aldri før hadde det vore så stort gravferdsfylgje.»
To år seinare reiste Syrstrond ungdomslag minnestein på grava hans. Steinen blei avduka på nasjonaldagen. Kontorsjef Sverre Nordås heldt avdukingstalen. Om minnesteinar over falne, sa Nordås:
"... steinane skal ikkje berre minna oss om dei som fall, men om striden for Noregs fridom og mana komande ætter til å halda fast på fridomstanken."
Kulturhistorisk leksikon - Minnestein over Olav Rise:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj?id=5246
Om Leikanger i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Add comment