Arkiva frå Brekke og Førde er på Arkivportalen.no
Arkiva frå Brekke og Førde er på Arkivportalen.no
Frå 1850 til 1964 var Brekke eigen kommune (med unnatak av 1859-1905 då kommunen heitte Lavik og Brekke kommune). I 1964 vart Brekke kommune slegen saman med Gulen kommune. Førde har vore eigen kommune sidan den vart oppretta i 1837. Naustdal vart skild ut frå Førde i 1896.
Arkivportalen er ei nasjonal søketeneste som går på tvers av alle institusjonane sine arkivkatalogar. Her er det no mogleg å få oversikt over kva arkiv som finst frå Brekke og Førde kommune. Brekke var ein liten kommune, noko som også viser att i omfanget av arkiv. Det er registrert 35 ulike arkiv frå kommunen. Dette er noko mindre enn dei fleste kommunane i fylket. Førde kommune før 1964 var noko større. Me har registrert 74 arkiv frå Førde kommune.
Alle kommunane har likevel teke i vare dei same, viktige oppgåvene. Me finn arkiv etter mellom anna formannskap, kommunekasse og skulestyre i alle kommunane. I dei fleste kommunane var det mange skular dersom ein går 100 år attende i tida. I Brekke har me registrert arkiv frå 10 ulike skular. Frå Førde kjenner me 30 ulike skular. Eit av arkiva frå Brekke som kan vera spanande å ta ein kik i er Samanslåingsnemnda for Brekke og Gulen kommune. Her er ei møtebøk som har vore brukt i 1962 og 1963. Også i formannskapsarkivet finn me arkivmateriale om dette emnet.
Om Gulen i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker




Add comment