Skrift i metall frå Sogns Barneheim
Skrift i metall frå Sogns Barneheim
Sogns Barneheim på Leikanger opna dørene for fyrste gong i 1891. Initiativet kom frå sokneprest Jacob Walnum. Institusjonen hadde plass til rundt 20 born, og haldt det gåande til 1973.
Koparplata låg saman med eit sett myntar i ei blyøskje. Øskje vart støypt ned i grunnmurens vestre hjørne, og såg dagens ljos att i 2011, då barneheimen vart riven.
På plata er det gravert inn
I Gud Faders, Søns og Helligaands navn, Aar 1891 den 19. mai i kong Oskar IIs XIX regjeringsaar lagdes her grundstenen til et børnehjem for Sogn.
Aar 1890 den 19. november blev tanken om et børnehjem forlagt et møde for Sogn her på Lekanger og bifaldt af dette, hvorpaa arbeidet for sagens fremme blev overdraget sogneprest til Vik S. B. Hersleb Walnum og sogneprest til Lekanger Jakob R. S. Walnum. Tegning til huset er leveret af amtsingeniør Borch. Tilsyn med opførelsen af børnehjemmet har gaardmand John Olsen Husebø, paa hvis eiendom huset ligger. Marc 9.36-37
På baksida står det:
Graveret af gaardbruger Peder J. Borlaug, Feios
Det er ikkje kvar dag fylkesarkivet får inn dokument på metall. Men dette mediet er i røynda ein framifrå informasjonsberar. Skrift rissa inn i metall står seg godt mot tidas tann.
Litteratur:
Risnes, Kjerstin: "Det er makt i de foldede hender..." : ein studie av Sogns Barneheim frå 1891-1950 med utgangspunkt i den religiøse filantropien. Masteroppgåve i historie. Universitetet i Bergen 2008
Kleppa, Hermund: Barneheimen på Leikanger
Om Leikanger i kulturhistorisk leksikon
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



Add comment