Gulen på Arkivportalen.no

Gulen på Arkivportalen.no

På Arkivportalen kan du finne arkivopplysningar frå heile landet
På Arkivportalen kan ein finne arkivopplysningar frå heile landet
Opdal skule i Gulen, eitt av dei mange skulearkiva som finst på fylkesarkivet i
Skulearkiva utgjer omlag halvparten av dei kommunale arkiva i Gulen. Arkivet etter Opdal skule er eitt av desse..
Arbeidet med arkivet etter Gulen kommune fram til 1964 er no sluttført. 81 kommunale arkiv frå Gulen er publiserte på Arkivportalen.no


Det ligg mykje godt arbeid i magasina våre. Vi oppbevarer
m.a. eldre arkiv, arkiv fram til 1964, for dei fleste kommunane i fylket. Magasinarbeid
er eit satsingsfelt dette året , så det er gledeleg når vi som siste steg i ein
lang arbeidsprosess endeleg kan trykkje på publiseringsknappen til den
nasjonale søkjetenesta Arkivportalen. no. Vi veit då at grovordninga er gjort,
arkivboksar og protokollar er plasserte i mønstergyldig orden på sine
respektive hyller, arkivlistene er fullstendige og alt er registert med
hyllesplassering slik at det å finne fram går som ein leik.

Søkjetenesta du finn på Arkivportalen er
landsomfattande, og her kan du søkje på tvers av alle arkivkatalogar i landet. Alle
dei oppdaterte arkivkatalogane våre skal vere å finne på Arkivportalen.no, og her
er det no mogleg å få oversikt over kva arkiv som finst frå gamle Gulen kommune.

Del artikkel

Del sida

Add comment

The content of this field is kept private and will not be shown publicly.
  • Web page addresses and e-mail addresses turn into links automatically.
  • Allowed HTML tags: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Lines and paragraphs break automatically.

More information about formatting options

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Comments

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login