Home ›
Fylkesarkivet med ny nettside
Fylkesarkivet med ny nettside
Publisert av Karianne Schmidt Vindenes, fredag 25.02.2011
Fylkesarkivet har lansert ny nettside. Vi inviterer deg som brukar til å gjere deg kjent med den nye sida. Viss du ynskjer å gje oss tilbakemeldingar kan du gjere det ved å nytte kommentarfunksjonen eller ved å sende oss ein e-post.
På framsida vår vil du finne informasjon om aktuelle saker. På alle nyhendesaker har vi lagt inn ein kommentarfunksjon. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar eller tilleggsinformasjon til sakene våre.
Ved hjelp av lenkene på framsida og dei to menypunkta "'Arkiv og kjelder" og "våre tenester" vil du finne fram til dei ulike tenestene Fylkesarkivet kan by på.
Alle fagavdelingane ved Fylkesarkivet har også laga nye sider. Her vil du finne informajson om musikkarkivet, fotosamlinga vår, privatarkiv, stadnamn og offentlege arkiv.
Add comment
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Dette blir kanskje bra til
Dette blir kanskje bra til slutt, men akkurat no verkar det rotete og uoversiktleg. Kvar har de gjort av dei digitaliserte utgåvene av Kjelda f.eks ?
Hei. No har vi lagt ut
Hei.
No har vi lagt ut digiatliserte utgåver av Kjelda. Du finn dei under "Våre tenester". Førebels har vi lagt ut frå 2001 og framover, men dei eldre årgangane vil også bli lagt ut.
Takk for innspelet ditt!
Takk for innspelet ditt! Framleis er det mykje som ikkje er på plass, mellom anna dei digitaliserte utgåvene av Kjelda. Dei er i kjømda.
Takk for tilbakemeldingar.
Takk for tilbakemeldingar.
Vi har diskutert innspela dine og vil opprette eit menypunkt som heiter kontakt oss. Det vil du finne under "om Fylkesarkivet". I tillegg ligg kontaktinformasjon tilgjengeleg nederst på alle sidene på nettstaden vår.
Når det gjeld innspela som gjeld kva omgrep som er nytta og korleis einskilde ord er stava, skal vi sjå nærare på dette og rette opp eventuelle feil.
Hei! a) Institusjonen heiter
Hei!
a) Institusjonen heiter Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det var døypenamnet, det har vore namnet seinare, det er brukt fleire stader "på innsida", det er godt innarbeidd. Difor tykkjer eg det fulle og heile namnet bør koma på utsida av inngangsdøra, SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE (og under) Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
b) Ser døra til eit av kjeldereservoara er OFFENTLEGE ARKIV. På innsida er det berre snakk om kommunale arkiv. Kvifor ikkje gå rett på sak: Kommunale arkiv, eventuelt kommunale og fylkeskommunale arkiv?
c) Eg likar ikkje å leita lenge etter kontakt oss . Kan denne "knappen" leggjast lenger fram?
d) to korrekturgreier: a) samlingar, ikkje samlinger, b) arbeidet med, ikkje arbeide med, c) komme og koma er likestilte former. Er ikkje forma koma/kome nærare talremålet i fylket enn komma/komme?
Helsing
Hermund Kleppa