Til lukke med 8.mars, den internasjonale kvinnedagen
Til lukke med 8.mars, den internasjonale kvinnedagen
Kampen for stemmerett. Av og til må vi minnast på at ”Det e ittno som kjæm tå sæ sjøl ”, som Hans Rotmo og Vømmøl Spelmannslag syng. Norske kvinner fekk allmenn stemmerett i 1913, etter mangeårig kamp for ein sjølvsagt demokratiske rett. Ei n av aksjonane som ettertrykkeleg sette kampen for stemmerett på kartet , var Kvinneunderskriftaksjonen for unionsoppløysinga i 1905. Leiande kvinnesakskvinner fann seg ikkje i at norske kvinner framleis skulle haldast utanfor demokratiske avgjerdsprosessar. Dei ville ta ansvar for landets framtid på lik line med menn og sette i gong ein kreativ lynaksjon. ” Selv om våre stemmer ikke tælles, saa kan de veies, ” var oppmodinga. Også kvinner frå Sogn og Fjordane la sine stemmer på vektskåla, primært til støtte for aksjonen, sekundært for kvinneleg stemmerett. I ettertid vert nettopp aksjonen trekt fram som ei av årsakene til at Noreg vart den første suverene stat i verda med allmenn stemmerett for kvinner ved stortingsval. Du kan lese meir om dei kreative kvinnene her.
Kommuneval i 2011 med kvinneunderskot? Mest 100 år seinare ligg framleis storparten av den politiske makta hos menn. I 2009 var berre 35% av kommunestyrerepresentantane kvinner og i dei folkevalde organa elles er kvinner også underrepresenterte. Dette vert i dag sett på som eit demokratisk problem. Synet på kvinners verdi som ansvarleg tenkjande og handlande menneske har såleis endra seg stort frå den fyrste oppheta Stortingsdebatten om stemmerett i 189o der både Guds vilje og syndefallet vart nytta som argument mot. Kvinner skulle ikkje bry hovuda sine med politikk. Det kunne føre til så mangt, m.a. at det kunne bli utvikla eit slags tredje kjønn viss kvinner vart offentlege menneske. Kvinner hadde ei anna livsoppgåve enn menn; heim og barn. Forkjemparane for stemmeretten meinte derimot at kvinneleg stemmerett var ei naturleg utvikling mot eit meir demokratisk samfunn.
Endring av haldningar tek tid, endring av politisk praksis likeeins. Vi skriv i dag 2011. Sogn og Fjordane fylkeskommune, t.d. har aldri hatt kvinneleg fylkesordførar, og fekk den fyrste kvinnelege varaordførar for to år sidan. I 1955 fekk fylket sin fyrste kvinnelege ordførar, Anna Herland frå Solund. Ein kvinneleg ordførar frå den vesle øykommunen skapte sensasjon kring i kongeriket. Pressa lanserte henne som den fyrste kvinnelege ordføraren i landet, noko som var ei mistyding. Men historia om kvinna langt der ute i havet som vart ordførar i sin fyrste kommunestyreperiode, var godt stoff. Jamvel frå USA kom dei for å lage oppslag om Anna Herland og heimemiljøet hennar. Historia om kvinna som utan politisk røynsle tok utfordringane på strak arm, kan kanskje vere inspirasjon til potensielle kvinnelege politikarar ved årets kommune- og fylkestingsval?
God lesnad og god 8.mars! Artikkelen kan du lese her.
Kjelder/litteratur/nettressursar:
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Add comment