Fylkeskappleiken 1. og 2. april i Naustdal
Fylkeskappleiken 1. og 2. april i Naustdal
Naustedalen Spelemannslag skipar til Fylkeskappleiken i Naustdal fredag 1.april og laurdag 2.april. Kappleiksarenaen er den same som då Naustedalen spelemannslag hadde kappleiken i 2008, nemleg i gymsalen og tilstøytande rom i Naustdal barne- og ungdomsskule. Tilskipinga tek til klokka 19.00 på fredag, og vert avslutta natt til sundag.
Fyrste kvelden er via gamaldansmusikk, gamaldansgrupper, toraderlag og solospel. På laurdag vert det fyrst tevlingar innan solo hardingfele, fele og vokal, samt pardans i bygdedans og lagdans. Laurdag kveld er via lagspel for spelemannslag i folkemusikk og gamaldans.
Fylkeskappleiken er ikkje berre ein sentral musikalsk og sosial møtestad. Ein kappleik er òg eit viktig samtidsbilete av folkemusikkmiljøet. Ein får dokumentert utøvarar i alle aldrar og på alle nivå. Fylkesarkivet vil vere til stades på kappleiksarenaen for å gjere lydopptak av tevlinga.
Du finn óg meir informasjon om Fylkeskappleiken på denne sida.
Comments
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker


Add comment