Home ›
Aktuelt
|
(16.05.2012)
No kan du finne om lag 8 000 stadnamn for Sunndal kommune i Møre og Romsdal både på kart på www.fylkesatlas.no og i databasesøk.
|
|
(16.05.2012)
I dei kommunale arkiva våre finn vi store mengder arkivmateriale frå skulane i fylket. Ei artig kjelde er skuleavisene.
|
|
(16.05.2012)
"With thanks from Bremanger for your hospitality for all Norwegians during 1940-1945", står det på ei treplate skipper Jostein Nødseth overleverer til byen Scalloway 17. mai. MS «Haugefisk» er ein ev fleire båtar som har kryssa Nordsjøen dei siste dagane. Statsminister Jens Stoltenberg opnar nytt museum i byen på nasjonaldagen vår.
|
|
(15.05.2012)
«Kristian Elster og Andreas Aabel i Førde for hundre år sidan». Slik var overskrifta i ein artikkel i Firda Folkeblad i desember 1966. Den eine var diktar, den andre distriktslækjar. Artikkelforfattaren ”K.G.” trur det var desse to som skipa til den første 17. mai-feiringa i Førde, i 1869. Nå lurer vi på om nokon kjenner til markering av nasjonaldagen i Sogn og Fjordane - før 1869.
|
|
(08.05.2012)
8. mai – Frigjeringsdagen og Nasjonal veterandag. Bergen har 21 markeringar. Klokka 12.00 legg ordførar Trude H. Drevland i Bergen ned krans ved krigsminnesmerket på Rotunden i Veiten. På minnesmerket står desse orda: «Til minne om dem som ble torturert av Gestapo i krigen 1940-1945.» Ein av dei var Olav Rise frå Leikanger.
|
|
(03.05.2012)
Vi har lagt ut ei lita samling med bilete etter fotograf Knut Aaning frå Stryn på Flickr-profilen vår. Aaning jobba som fotograf i Oppstryn og nærliggjande bygder. Blant bileta som vi no har lagt ut til fri bruk på Flickr finn du mellom anna bilete av Innvik ungdomslag, Mindresunde Hotel og fleire store gruppebilete frå bryllaupsfestar.
|
|
(01.05.2012)
Det er 104 år sidan fylkets første fagforeining, Vadheim Arbeidsmands-forening, vart skipa. I anledning 1. mai, har vi sett litt på kva som skjedde den gongen i 1908. I februar vart det starta opp ein fagforeining på den då nyanlagde Vadheim Elektrochemiske Fabriker. På denne februardagen i 1908 melde seg det seg inn 17 arbeidarar. Dette er den første kjende fagorganiseringa i Sogn og Fjordane.
|
|
(30.04.2012)
Onsdag 2. mai kl. 19.00 opnar fotoutstillinga «Luster og Lustringar for 100 år sidan» på Sogn Folkemuseum. Det er fotografi av den profesjonelle fotografen Samson Brathole, og amatørfotografen Johan Rumohr Døsen som vert presentert.
|
|
(30.04.2012)
1. mai kl. 20.00 sender NRK1 dokumentaren «Fotografen og Keisaren» som handlar om keisar Wilhelm II sine reiser til Balestrand i tida før første verdskrig. Fotografia som filmen tar utgangspunkt i finn du i Fylkesarkivet sin fotobase.
|
|
(30.04.2012)
Kulturhistorisk Leksikon har runda 1700 artiklar. Det er ein omfattande teneste som er gratis og open for alle. Her finn du stoff om krigen i Sogn og Fjordane, Fylkesbaatane, administrasjonshistorie, kyrkjer, gamle handelsstader, veghistorie og mykje, mykje meir. Heile fylket er dekka.
Artiklane er gjennomgått av fagfolk, og har kjeldetilvisingar. Kjende forfattarar og lokalhistorikarar i fylket har bar bidrege i denne store databasen.
-Nysgjerrig? Gå inn og sjå på stoff frå din heimkommune.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
