Privatarkiv
Fylkesarkivet har som mål å kartleggje, samle inn, verne og formidle viktige privatarkiv i Sogn og Fjordane. Privatarkiv er ei interessant og samansett kjeldegruppe, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar.
Privatarkiva utgjer eit viktig korrektiv til det offentlege arkivtilfanget.
Home ›
Aktuelt
|
(30.04.2013)
Fylkesarkivet har digitalisert den fyrste møteboka for Fjaler Arbeidarparti. Ho er ikkje stor i omfang, men gjev likevel viktig informasjon om oppstarten av heradspartiet i kommunen.
|
|
(19.04.2013)
Claus Rumohr Moe fekk i 1933 brev frå barndomsvenen sin, Kristoffer Kjos, som var misjonær i Mandsjuria. I brevet formidlar Kjos inntrykka sine frå ein turbulent region, der etterdønningane av den russiske revolusjonen framleis var synlege, og der nærveret av japanske soldatar var ein del av dagleglivet.
|
|
(15.04.2013)
Tredje pinsedag er det 150 år sidan Davik misjonsforening vart stifta. I det høvet har Fylkesarkivet digitalisert den fyrste møteboka for laget.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
Informasjon
