avlevering

Luster vil klargjera arkiv til avlevering

Dette biletet vart teke då Luster kommune avleverte arkiv i 2007
Fredag 7. desember var Fylkesarkivet på synfaring i fjernarkivet til Luster kommune. Dei ynskjer å setja i gang å klargjera arkiv yngre enn 1963 for avlevering.

Spanande besøk i Gulen

Måndag 22.oktober reiste kommunearkivordninga mannsterke på vitjing til Gulen kommune. På dagsorden stod elektroniske arkiv, samt papirarkiv danna etter 1964.

Flora i gang med førebuingar

Det er fire år sidan Flora kommune leverte arkiv eldre enn 1964
I samband med at Flora kommune skal avlevera arkivet etter sentraladministrasjonen frå perioden 1964 til 1993, vitja Fylkesarkivet kommunen denne veka. Me gjekk gjennom kva arkiv som skal avleverast, samt laga ein plan for praktisk gjennomføring av avleveringa.

Førde til Sogn

Marit Steinset og Jan Birger Moe (Foto: Cecilie Astrup Bustad)
Som den 23. kommunen i fylket har Førde kommune vedteke å avlevera det kommunale arkivmaterialet som er eldre enn 1964 til depot på Fylkesarkivet. Torsdag 26. januar var Fylkesarkivet i Førde for å planlegga arbeidet fram mot avleveringa som skal finna stad 20. mars.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login