Mikkel Larsson Stenehjem (1843-1912) var smed i Sogndalsfjøra. Han let etter seg dagbøker som fortel om det sosiale livet hans og om arbeidslivet hans. No har Jarle Bondevik laga bok av desse nedtegningane. Boka er delt inn i kapitla «Familiemannen», «Deltakar i det sosiale livet», «Smeden», «Gardbrukaren», «Samfunnsmenneske» og «Modernisering». Kapitlet om smedarbeidet er det lengste. Elles viser notatbøkene at Mikkel var ein «mangesyslar» som arbeidde for seg sjølv og andre, men også hadde folk i arbeid.