Torsdag 7. april vart Hyllestadseminaret arrangert for niande gong. Målet med seminaret er å spreia kunnskap om kvernsteinsdrifta og nærliggande tema i fagmiljø , og å gjera lokalsamfunna medvitne om kva ressursar ein sit med, skal ta vare på og hauste av. Dette seminaret sette fokus på vikingtid og UNESCO-nominasjon.