Sogn og Fjordane

Kulturhistorisk leksikon for alle

Kulturhistorisk leksikon - artikkelcollage
Kulturhistorisk Leksikon har runda 1700 artiklar. Det er ein omfattande teneste som er gratis og open for alle. Her finn du stoff om krigen i Sogn og Fjordane, Fylkesbaatane, administrasjonshistorie, kyrkjer, gamle handelsstader, veghistorie og mykje, mykje meir. Heile fylket er dekka. Artiklane er gjennomgått av fagfolk, og har kjeldetilvisingar. Kjende forfattarar og lokalhistorikarar i fylket har bar bidrege i denne store databasen. -Nysgjerrig? Gå inn og sjå på stoff frå din heimkommune.

Lokalhistorisk litteratur på Fylkesarkivet

Eit lite utval av litteraturen på Fylkesarkivet
I 1993 starta Fylkesarkivet å byggje opp ei samling med lokalhistorisk litteratur og relevant faglitteratur til bruk i arbeidet for arkivarane. Samlinga er ikkje eit utlånsbibliotek, men er til internt bruk. Vi kan likevel yte ein viss sørvis overfor brukarane våre, som å svare på spørsmål om bøker og kopiere innan regelverket.

Julenummeret av Kjelda 2012 - ute no

Kjelda nr 3, 2012
Julenummeret av "Kjelda" ligg snart i postkasser rundt omkring i landet. Bladet er inne i sin 21. årgang. Som vanleg er det fylt med variert og spanande stoff. Kjelda er det einaste fylkesdekkjande bladet for arkiv og historie i Sogn og Fjordane. Teikn deg som abonnent no. Då får du alle nummer i 2013, pluss vårt rikhaldige julenummer 2012. direkte i postkassa di.

180.000 stadnamn frå Sogn og Fjordane

Fylkesatlas / Rapport om stadnamn i Sogn og Fjordane
Du kan søke i 180.000 historiske stadnamn frå Sogn og Fjordane. Stadnamn er spanande, og kan gje verdfull informasjon om naturtilhøve, kulturhistorie, overtru, katastrofar og konflikt, og mykje mykje meir. Stadnamna er og viktige referansepunkt i terrenget som folk flest brukar kvar dag. Fylkesarkivet har gjennom 20 år samla inn, bearbeidd og digitalisert stadnamna. Dei er no tilgjenglege i eit eige kartgrensesnitt på nettet. Gå inn på http://www.fylkesatlas.no og finn dei ukjende stadnamna frå din heimstad.

Abonner på Kjelda

Kjelda - framsider
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gjer ut bladet Kjelda. Det kjem med 3 nummer kvart år, og er no inne i sin 21. årgang. Det er det einaste fylkesdekkjande bladet for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. Nytt høvet til teikne eit årsabonnement for 2013 no. Då får du vårt komande julenummer inkludert. Eit årsabonnement av Kjelda kostar kr 195. Send tinging på epost til: postmottak.sffarkiv@sfj.no.

Minnedikt til DS «Nordfjord»

DS «Nordfjord» etter forliset 12. september 1940.
DS «Nordfjord» har tilknytning til Sogn og Fjordane, både ved namnet og ved lang fartstid i Sogn og Fjordane-farvatn. I om lag 50 år gjekk «Nordfjord» i rute mellom Møre og Romsdal og Bergen. Ruta hadde fleire stoppestader på Sogn og Fjordane-kysten. Då båten runda 75 år i 1940, vanka det minnedikt; "Gamle Nordfjord". «- fire tusen gonger forbi Statt - » står det i eit av versa.

Nordsjøfarten - KNM Hitra og Sogn og Fjordane

KNM «Hitra» til kai i Høyanger 8. mai 2006 i høve Tysklandsbrigaden si veteranfo
Måndag 28. mai 1945 gjekk ubåtjagaren KNM «Hitra» inn Eidsfjorden til Nordfjordeid. Etter kvart var eit «folkehav» på veg til dampskipskaia. Tysdag 9. april 2013 deltok den same båten ved Bergens forsvarsforeining si markering av Hitler-Tyskland sitt angrep på Noreg, 9. april 1940. Ubåtjagaren markerte samstundes sin eigen alder på 70 år.

Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane og konsert med Sigrid Moldestad

Kvinnestemmer frå alle fylkets kommunar
Laurdag 4.mai 2013 står kvinnene i sentrum på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opnar, og Sigrid Moldestad, ei av våre mest kjende musikalske stemmer, held konsert. Ei spanande utstilling i bilete, ord og tonar.

Kjelda

Kjelda nr 1 2013
Fyrste nummeret av Kjelda for 2013 er i desse dagar på veg ut til tingarane våre. I dette nummeret kan du lese intervju med Karl Seglem, om norskamerikanaren som fekk oppkalla to byar etter seg, og om Dina Krog Paasche – den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane.

Frå Høyanger til Stalin

Reisefylgjet i Moskva
5. mars var det 60 år sidan den sovjetiske diktatoren Josef Stalin døydde. To år før Stalin gjekk bort vitja fagforeiningsleiaren Bernhard Alsvik frå Høyanger Sovjetsamveldet.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login