Tysdag 27. november vart arkiv frå sentraladministrasjonen i Flora overflytta frå Flora kommune til Fylkesarkivet. Fylkesarkivet skal ordna arkivet som er danna i perioden mellom 1964 og 1993. Sidan skal det avleverast til depot på Fylkeshuset.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart stifta i 1983, men allereie i 1936 vart tanken om eit felles kommunearkiv for alle kommunane i fylket opp til diskusjon i eit kommunestyremøte i Eikefjord kommune.
I samband med at Flora kommune skal avlevera arkivet etter sentraladministrasjonen frå perioden 1964 til 1993, vitja Fylkesarkivet kommunen denne veka. Me gjekk gjennom kva arkiv som skal avleverast, samt laga ein plan for praktisk gjennomføring av avleveringa.
I samarbeid med Sogn og Fjordane Energi er Fylkesarkivet i gang med å samle inn og ordne det eldste arkivtilfanget frå Ytre Fjordane Kraftlag. I dette materialet ligg det spanande kjelder om krafthistoria i fylket vårt.