Fotografi

Lustrafoto til Fylkesarkivet

Nokre av visittkortportretta i samlinga. Fotograf: Elin Østevik.
Bjørg Hovland har nyleg gitt ei omfattande fotosamling i gåve til Fylkesarkivet. Samlinga vert no ordna, og vil på sikt også bli digitalisert.

Fotoskatt til Fylkesarkivet

Familien Breien på Kristianelyst. Fotograf: Andrea Breien.
I dag vart fotosamlinga etter Andrea Breien (1866-1954) deponert hos Fylkesarkivet. Dei vel 200 glasplatene gir eit unikt innblikk i dagleglivet på sorenskrivargarden Kristianelyst i Solvorn i åra 1908-1915.

Vi beklagar ustabil tilgang til databasane våre

Vi arbeider med å lage nye sider for presentasjon og registrering mot eksisterande database. Nyutvikla sider vil fortløpande bli publisert på eit beta-område som vert tilgjengeleg i juli månad.

Foto frå husmannslivet

Stova på husmannsplassen Reiskåra. Fotograf: Elias Bentson Gald.
Husmannssonen Elias Bentson Gald (1887-1968) frå Stryn etterlet seg ei lita samling glasplater som no er tilgjengeleg i fotobasen. Samlinga har motiv frå husmannsplassen Reiskåra på Gald i Stryn og frå USA.

Skada og skadelege foto

Jens Gold føreles om verneutstyr. Foto: Elin Østevik.
Ingenting varer evig. Heller ikkje fotosamlingane Fylkesarkivet tek vare på. Men vi gjer vårt beste for å sikre at samlingane vi forvaltar får ei lengst mogleg levetid. På seminaret «Håndtering av skadet fotografisk materiale» lærte fotoarkivaren meir om korleis ein best tek vare på fotomateriale med ulike skader og nedbrytingsteikn.

Fotograf Reppen på Flickr

Tårnhuset i Sogndalsfjøra. Fotograf: Nils O. Reppen.
Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1856-1925) frå Sogndal er no digitalisert , og eit utval på 100 stereofotografi frå samlinga er gjort tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.

Jubileumsveke på Leikvin

Frå sorenskrivargarden på Løken. Fotograf: Hans A. Faleide
Denne veka går vert 250års-jubileet til Sogn og Fjordane fylke feira ei veke til endes på den gamle skrivargarden Leikvin på Løken i Eid. Men også staden Leikvin har sine jubileum. Her heldt sorenskrivaren i Nordfjord til i ca. 250 år – frå 1700 til 1957.

Heile Råsberg-samlinga på nett

Borghild Sørefjord, Ella Berge og Elna Berge. Foto: Bjarne Råsberg.
Denne veka vart 145 foto frå fotosamlinga etter Bjarne Råsberg (1900-1942) digitalisert og gjort tilgjengeleg på nettsidene våre. Dermed er heile fotosamlinga etter denne særs dyktige fotografen frå Hyllestad tilgjengeleg for ålmenta.

Fleire Berge-bilete til Fylkesarkivet

Negativalbum nr. 20-22 inneheld bilete frå åra 1952-1955. Foto: Elin Østevik.
I fjor fekk vi negativsamlinga etter ingeniør Kristian Berge (1887-1965) i gåve frå Stryn kommune. No har fleire negativ etter Berge dukka opp hjå slektningane til Berge.

Fotogåve frå Bremanger

«En hjertelig hilsen frå lille Gyda til Tante Linn». Fotograf: Norland.
Fylkesarkivet har fått kring 100 foto etter Albert Vamråk (1886-1974) i gåve. Albert Vamråk kom frå Kyrkjebø i Sogn og starta i 1919 Vamråk sildesalteri i Kalvåg, Bremanger. Det er etterkomarane etter Albert Vamråk som har gitt oss fotosamlinga. Samlinga inneheld portrettbilete frå Noreg og USA.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login