Det er 104 år sidan fylkets første fagforeining, Vadheim Arbeidsmands-forening, vart skipa. I anledning 1. mai, har vi sett litt på kva som skjedde den gongen i 1908. I februar vart det starta opp ein fagforeining på den då nyanlagde Vadheim Elektrochemiske Fabriker. På denne februardagen i 1908 melde seg det seg inn 17 arbeidarar. Dette er den første kjende fagorganiseringa i Sogn og Fjordane.
23. april vart det tredje Wikipedia Academy arrangert i Noreg. Seminaret blir arrangert av Wikipedia Norge, og er den viktigaste dialogen Wikipedia har med omverda. I år var fokus på digital formidling og samarbeidet med ABM-sektoren (ArkivBibliotekMuseum). Både HKH Kronprins Håkon og grunnleggaren av Wikipedia, Jimmy Wales var til stades på delar av seminaret.
Den 25. april er det 72 år sidan kaptein i Fylkesbaatane, Thorvald Johanessen omkom i eit tysk bombeangrep. Fylkesbaatane sin båt «Kommandøren», låg til kai i Leikanger, då tyske fly synte seg på himmelen. Folk rømde på land for å finna dekning.
Kommandøren. Namnet går som ein raud tråd gjennom soga til fylkesrederiet i Sogn og Fjordane. Kommandør Lous var administrerande direktør frå starten i 1858 til 1896. I 1891 heidra fylkestinget kommandør Lous med å gje eit nytt skip namnet «Kommandøren».
«Almanakk for Noreg» er ei innhaldsrik trykksak. I kalendariet står namn på personar og hendingar, t.d. på dagen i dag, 20. februar: «Første bondevennforening 1865.» Sjølv «møtte» eg Søren Jaabæk og bondevenene i folkeskulen på 1950-talet. Det stod om Jaabæk i noregssoga «Vi ere en nasjon» og me høyrde om Jaabæk i skulekringkastinga.
Firda hadde 23. januar ein artikkel om Thorvald Netteland frå Solund, som med sine 105 år er eldst i landet. Den lengstlevande personen frå Sogn og Fjordane gjennom tidene er Laura Hansine Svehaug, opphavleg frå Selje. Ho vart over 111 år. Dette opplyser Celvin Ruisdael, som har undersøkt folk med høg alder i Noreg.
Kva fins på Fylkesarkivet? Kan ein bruka privatarkiv eller kommunale arkiv som kjelder til bacheloroppgåva? Kva hjelp kan ein høgskulestudent få av ein arkivar?
Stormar har dei siste dagane herja i fylket vårt. Det er meldt om store materielle øydeleggingar. Dagmar har knekt tre, kasta båtar på land, og elles fare stygt med bygningar og vegar. Heldigvis ser dei menneskelege skadane ut til å vere små. Brottvêr har fleire gonger heimsøkt Sogn og Fjordane, og ein av dei verste var truleg orkanen i 1822.