Responder al comentario
Hyllestadseminaret 2011
I fyrste del av seminaret fekk me høyra doktorgradsstipendiat Irene Baug fortelja om kvernsteinsproduksjonen i Hyllestad, før me fekk vera med på ei interessant vandring i kvernsteinslandskapet. Dei eldste dateringane frå produksjonen er frå 700-800-talet. Fram til 900-talet ser det ut til at produksjonen av kvernstein var til lokalt bruk, men frå den tida var kvernstein stor eksport i Hyllestad. Ein veit lite om kven som stod bak den storstila produksjonen, men kan henda var det lokale stormenn som styrte aktiviteten? Siste del av ekskursjonen var i kvernsteinsparken, der flinke 8.klassingar gav oss eit innblikk i dagleglivet i vikingtida. Her var stor aktivitet både utomhus og innomhus. Me fekk mellom anna sjå steinhoggarar i arbeid – korleis dei løyste kvernsteinar frå berget. Det var også mogleg å få smaka på kvernsteinsbrød.
Kvernsteinsbrota i Hyllestad er nominert til UNESCO si verdsarvliste. Bakgrunnen til nominasjonen er at Noreg samarbeidar med fem andre land om å få historiske stadar frå vikingtida inn på lista. Kvernsteinsbrota er mellom anna nominert fordi dei fortel ei anna historie frå vikingtida enn den me kjenner best til no. Steinbrota er ei viktig brikke i det større puslespelet. I tillegg til kvernsteinsbrota i Hyllestad er Borrehaugane i Horten, Oseberghaugen i Tønsberg og Gokstadhaugen i Sandefjord dei andre norske kandidatane. Me fekk høyra interessante føredrag om dei store skipsgravene, samt om kor viktig vikingskipa var for rikssamlinga. Lisen Roll frå Riksantikvaren gav oss til slutt eit innblikk i prosessen fram mot ei eventuell opptaking på verdsarvlista. Det er ei spanande tid framover for kvernsteinsentusiastar og for heile Sogn og Fjordane!
Responder
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



