Responder al comentario
Konsert med Synnøve S. Bjørset på Sogn Folkemuseum 13.oktober
Publisert av Erle Hind, onsdag 05.10.2011
Torsdag 13. oktober kjem fylkesmusikar Synnøve S. Bjørset frå Jølster til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum for å halde konsertføredrag om folkemusikken i Indre Sogn.
Konsertføredraget har fått namnet "Eit eige lag til å tumla seg gjennom". Synnøve S. Bjørset vil mellom anna spele slåttar etter spelemennene Per Sandnes og Sigurd Eldegard, og fortelje om Lærdalsmarknaden som musikalsk smeltedigel, og om dei nære musikalske banda mellom Sogn og Valdres.
Folkemusikkarkivet oppmodar alle interesserte om å ta turen til Sogn folkemuseum torsdag 13.oktober kl. 19.00!
Les meir om konsertføredraget på Sogn og Fjordane folkemusikklag sine heimesider.
Responder
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

