Responder al comentario
Folkemusikkperler frå Sogn og Fjordane - Hilde Bjørkum sine favorittlåtar
Folkemusikkarkivet presenterar her fyrste speleliste i strømmingstenesta Spotify med musikk frå Sogn og Fjordane. Folkemusikar, folkedansar og kulturarbeidar Bjørkum er nok for dei fleste kjend som sjef for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, ei stilling ho har hatt sidan 1989, men det er òg verd å nemne at ho frå 1986 til 1989 var Fylkesarkivet sin fyrste musikkarkivar.
Bjørkum er sjølv utøvande felespelar og dansar, og har vunne Landskappleiken i dans tre gonger saman med Vidar Underseth. I 2006 fekk ho heidersprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans. Ho er medlem av mellom anna Nordisk Musikkomité, Norsk kulturråd sitt musikkutval og Utanriksdepartementet sitt utval for støtte til profesjonelle musikarar i utlandet.
Direktøren for Førdefestivalen har plukka ut nokre av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane. Ho har sett saman ei speleliste som syner mangfaldet i folkemusikk frå fylket. Her finn ein vokal folkemusikk av Unni Løvlid frå Hornindal, to ulike melodiar av Sigrid Moldestad frå Breim, ein melodi frå utgjevinga "Slåttar" av hardingfelespelar Synnøve S. Bjørset frå Jølster, samt ei låt frå Majorstuen, ei av gruppene som Bjørset er med i. Elles kan ein høyre ein melodi henta frå plata "Femstein" av Karl Seglem, ein springar av Arne M. Sølvberg frå Stryn, og ein halling av Sigmund Eikås. Brufaste Tonar (Judith Vestreim, Håkon Høgemo og Tom Karlsrud) er òg representert med to melodiar på spelelista.
Hilde Bjørkum si speleliste:
1. Synnøve S. Bjørset: Storren (springar)
2. Sigmund Eikås: Preikaren (halling)
3. Arne M. Sølvberg: Kveikjaren (springar)
4. Brufaste Tonar: Springar etter Per Sandnes (I)
5. Brufaste Tonar: Eg ha hundre stykkje fe frampå Maristova eg
6. Karl Seglem: Blå botn
7. Sigrid Moldestad: Samuline
8. Sigrid Moldestad: Ein sæl kyss
9. Unni Løvlid: So ro liten tull (etter Magnhild Haugen Otterdal)
10. Unni Løvlid: Ned i vester soli glader
11. Majorstuen: Yiiihaaa!
Høyr spelelista i Spotify (utvalet er avgrensa då strømingstenesta Spotify ikkje har eit like breitt utval innan norsk musikk som den norske strømmingstenesta Wimp)
Les meir om Førdefestivalen her.
Om du ynskjer å høyre Fylkesarkivet sine lydopptak med utøvarar frå fylket, ta kontakt med musikkarkivar Erle Hind.
Kjelder: allkunne.no og fordefestivalen.no
Responder
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

