Responder al comentario
Klatrefoto identifiserte
Nevøen til Asbjørn Gunneng, som også heiter Asbjørn, skal ha ei stor takk for å ha sendt oss utfyllande opplysningar til bileta. Det syner seg at vi i samlinga finn bilete både frå Kolsås og Jotunheimen. Klatreturar til mellom anna Storen, Torfinnstindane og Store Midtmaradalstind er dokumentert i samlinga. Bileta er stort sett frå perioden 1922-1925.
Asbjørn Gunneng (1906-1933) var utdanna jurist. Han vart ein kjend fjellklatrar på 1920-talet og stod for fleire førsteklatringar i inn- og utland. Mellom anna var han saman med Boye Schlytter og Ola H. Furuseth den første til å klatre sørveggen frå Slingsbybreen opp Store Skagastølstind. Førsteklatringa av sørveggen fann stad i 1927, og er såleis ikkje dokumentert her. Men som biletsamlinga synleggjer hadde Gunneng fleire klatreturar opp Storen før den tid, mellom anna ein klatretur i 1922 som 16-åring saman med far sin Christian Andreas Gunneng. Asbjørn Gunneng døydde ung som følgje av ein dobbeltsidig lungebetennelse han pådrog seg etter ei ufrivillig overnatting på ei fjellhylle i Alpane under ein klatretur.
Responder
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker



