Responder al comentario
Gåve av lokale bøker
Dei fleste bøkene er lokal skjønlitteratur. Vi har teke inn 17 bøker av Per Hilleren i samlinga vår. Per Hilleren var fødd på Veitastrond men vaks opp i Sogndal. Han levde frå 1906 til 1994. Han gav ut nær på 50 bøker. Det var helst romanar med kristeleg innhald. Men han har også skrive ein biografi om Malla Moe – misjonæren frå Hafslo (Adresse Afrika – Malla Moe - en eventyrskikkelse. 1966) og ein sjølvbiografi (Minneskog. 1981). Per Hilleren reiste også som forkynnar for kristelege organisasjonar.
Bokgåva innehelder også bøker av to andre forfattarar. «Vegen til ei kvinne» av Hermund Kvåle (1900-1971) er ei av dei. Hermund Kvåle er mest kjend som redaktør i lokalavisa «Sogns Tidend» og som kunstmålar. Elles fekk vi fire bøker av Sigurd Kvåle (1902-1962). Begge desse forfattarane var frå Sogndal. Sigurd Kvåle var lærar og forfattar, spesielt kjent som ein dyktig novellist.
Bokgåve: Bøker av Per Hilleren
Alltid en ny vår. 1966
Damaskusporten. 1978
Du hører dalen til. 1962, 1940, utan år.
Fagre jord. 1956
Gull og kjærlighet. 1939
Nyrenning. 1962
Rachel : roman fra det nye Israel. 1959
Rachel Gan Shalom. 1971
Sommer : Tunsvoll III. 1945
Strengene. 1949
Tempelskogen. 1953
Tunsvoll : Vårstormer. (Utan år.)
Vegen og porten. 1945, 1958.
Bok av Hermund Kvåle:
Vegen til ei kvinne. (Utan år.)
Bøker av Sigurd Kvåle:
Krefter. 1946
Når det blir natt. 1933
Pelle Skauen og andre småsoger. 1950
Tider og år. 1935
Kjelder:
Wikipedia oppslag 14.03.12
Fylkesleksikon – NRK
Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet
Sauemerkebok for Sogndal. 1981
Responder
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker

