Om Sogndal i kulturhistorisk leksikon

Loftesnesbrua var det første bru- og vegprosjektet som vart bompengefinansiert i fylket. Brua sto ferdig i november 1958. I ein 20-årsperiode hadde det gått ei lita pendelferje over Loftesnessundet, og før det igjen, vart folk og fe rodd over sundet. Brua var eit viktig steg framover for den landbaserte samferdsla i midtre og indre Sogn - og gjorde sambandet austover enklare.
Alt i 1908 vart det føreslege eit tverrsamband mellom Sogn og Sunnfjord via Fjærland. Rettnok som jernbane, men tanken var sådd. Dei fleste såg på dette som utopi, og det tok nesten 90 år før planen resulterte i eit ferdig samband, men då eit vegsamband.
Den 17. april 1975 vedtok Stortinget at Fjærland skulle få vegutløysing til Skei i Jølster. Det endelege linevalet vart utsett for å utarbeida nødvendige tekniske og økonomiske vurderingar av prosjektet. Anleggstart skulle likevel ikkje ta til seinare enn 1977. Vegarbeidet byrja i 1977, og vegen vart opna 31. mai 1986.
Den veglause garden Lidal ligg ned mot sjøen på austsida av Fjærlandsfjorden. Ein trong og bratt dal går opp mot den opnare nord-sør gåande Breisetedalen. Her var før fem bruk som alle frå gammalt hadde stølsdrift. 1965 var siste året dei stølte på Røysete, hovudstølen, også nemnd som heimestølen. Bjørg Lidal Skeide var ei av dei siste budeiene.
I ufredsåra 1807-1814 var soldatar frå Vestlandet fleire gonger austover på grensevakt. Nils Loftesnes var ein av dei. Han var også utsending til Eidsvollforsamlinga 1814, vald av regimentet sitt, "2det bergenhusiske infanteriregiment." I 1914 reiste Sogndal kommune ein minnestein over eidsvollsmannen Nils Loftesnes.
Sogndal kommune har tre minnesteinar over soldatar som var på grensevakt og stridde for fedrelandet i ufredsåra 1807-1814; - i Fardal, på kyrkjegarden ved Stedje kyrkje og på Lægreidplassen i Fjøra. Steinen i Fjøra er nærare åtte meter!
Sogndal kommune har to minnesteinar over soldatar som var med i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står i Fardal på ein bergknaus nedmed sjøen på Storekleivi.
Steigastølen, som ligg rett under Ølnesstølen og like ved Bergastølen, var støl til gardsbruket Steig. På stølen vart det separert og kinna smør medan kalvane fekk skummamjølka. Lars Steig dyrka opp 8,5 dekar jord attmed stølen. Her slo dei og køyrde høyet heim om vinteren. Stølen var i drift til 1979. Dei to sela står framleis og vert no nytta til fritidsbruk.
Minnesteinen på grava til Anna Cathrine Schreuder, mor til misjonær Hans Schreuder, står ved Stedje kyrkje. Ideen til å få sett opp denne minnesteinen vart lansert i 1917 på 100-årsdagen for Schreuders fødselsdag. Då var det eit minnestemne på Kjørnes som samla mykje folk. Men det skulle gå meir enn 10 år før ideen vart realisert.
Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1842. To år seinare sende selskapet ut den fyrste misjonæren sin, Hans Paludan Smith Schreuder. Han var fødd i Sogndal i 1817, og døydde i Afrika i 1882. I 1992 reiste misjonsfolket ein minnestein ved Stedje kyrkje.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login