KAI-konferansen 2011

KAI-konferansen 2011

Årets KAI-konferanse vart denne gongen arrangert av Drammen byarkiv. Konferansen gjekk av stabelen 6. – 9. september.

Tilsette frå KAI- miljøa (Kommunale arkivinstitusjonar) kringom i landet møtest ein gong i året for fagleg påfyll og utveksling av idear.  Heile kommunearkivavdelinga på Fylkesarkivet deltok på konferansen i Drammen, som var den 22. i sitt slag og sers vellukka både med omsyn til fagleg innhald, teknisk arrangement og kulturelt og sosialt program. Årets konferanse var ikkje bygt opp kring eitt samlande tema, men baud på noko for ein kvar smak. Gjennom gode plenumsforedrag og parallellsesjonar vart det sett søkelys på ulike arkivfaglege område og problemstillingar som m.a. interkommunalt samarbeid, depot og formidling, sosiale medium og Riksarkivarens rapport.

Konferansen spegla også arkivfagets internasjonale og fleirkulturelle aspekt. Gjennom synsvinkelen frå det nære til det fjerne, fekk vi innblikk i prosjektet Multikulturelle arkiv i Drammen, døme på nordisk arkivmiljø frå  Island, røynsler frå internasjonalt samarbeid og nyttige ”Fjellvettreglar” i slikt arbeid frå Byarkivet i Bergen og orientering om den nystifta organisasjonen ”Arkivarer uten grenser” frå Karianne Schmidt Vindenes, Vestfoldarkivet.

Drammen by feirar i år sitt 200- års jubileum og gjennom den kulturelle og sosiale delen av programmet vart deltakarane presenterte for byens historie og byens kulturelle mangfald gjennom lokalhistorisk foredrag, byvanding, museumsutstilling, besøk på Aass bryggeri (Noregs eldste bryggeri) og musikalske innslag.  

Vel blåst til Drammen byarkiv!

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

Al enviar éste formulario, usted acepta la política de privacidad de Mollom.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login