Tekst om Ragnar Vigdal i bladet Folkemusikk

Tekst om Ragnar Vigdal i bladet Folkemusikk

Ragnar Vigdal: Tonereise til ei gamal samtid
Ragnar Vigdal: Tonereise til ei gamal samtid
I den siste utgåva av bladet Folkemusikk, har Nicholas H. Møllerhaug gjeve ei nær og personleg framstilling av folkesongaren Ragnar Vigdal si einaste plate, “Tonereise til ei gamal samtid” (Kirkelig kulturverksted 1997).

I kronikken “Praten med gamlingane” spør Nicholas H. Møllerhaug: “Kor er dei eldre blitt av når me treng dei? Kor er dei gamle som kan fortelje og gje oss unge perspektiv?”. Svara finn han i Vigdal si plate.

Folkesongaren og slåttesamlaren Ragnar Vigdal (19.november 1913 – 15.februar 1991) kom frå fjellbygda Vigdalen i Luster kommune. I 1980 var han den fyrste som vart tildelt Fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane. “Tonereise til ei gamal samtid” vart innspelt i 1979, og utgjeven på Kirkelig kulturverksted i 1997.

Møllerhaug sin tekst er i skrivande stund ikkje tilgjengeleg på folkemusikk.no sine heimesider, berre i sjølve bladet Folkemusikk. 

Les meir om Ragnar Vigdal hjå Kulturhistorisk Leksikon her.

Les meir om Ragnar Vigdal hjå NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon her.

Lydopptak av Ragnar Vigdal i Fylkesarkivet sin database finn ein her.

Les meir om siste utgåve av bladet Folkemusikk her.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

Al enviar éste formulario, usted acepta la política de privacidad de Mollom.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login