Vestlandskappleiken 2011: Minnepris til Mathilde Skjæret

Vestlandskappleiken 2011: Minnepris til Mathilde Skjæret

Mathilde Skjæret (foto: Erling Moxnes)
Mathilde Skjæret (foto: Erling Moxnes)
Hardingfelespelaren Mathilde Skjæret frå Jostedal vart tildelt Audhild Flaktveit Moxnes' minnepris under Vestlandskappleiken.

Minneprisen, som vart utdelt på kvelden laurdag 8.oktober, er på kr. 10 000. 

Juryen si grunngjeving for tildeling av prisen:

Mathilde er ein ung, energisk og talentfull utøvar som er fødd i 1996. Ho begynte å spele hardingfele allereie som 7-åring. Ho har vore nyfiken på slåttemusikken og svært ivrig etter å lære. Mathilde har ei veldig god musikkforståing og spelet hennar har preg av at ho musiserar og formidlar med innleving, kraft og kreativitet. Ho fengar publikummet sitt med å gi spelet eit eige og personleg utrykk.

Prismotakaren har vore ivrig deltakar på kappleikar og festivalar og ho spelar både som soloartist og i gruppespel. Ho har markert seg som ein spennande utøvar i samspel med spelmenn på andre instrument og ho har laga eigne arrangement på slåttar. I eit slikt samspel deltok ho i ”Ung energi”- prosjektet på Førdefestivalen, og ho har delteke på UKM, Ungdommens kulturmønstring.

Mathilde har hatt Harald Hesjevoll som lærar gjennom musikkskolen, og ho spelar framleis hos han. Gjennom musikkskolen spelar ho òg hos Synnøve Bjørset. I tillegg har ho vore deltakar på utallige sommarkurs på Mo og i det lokale spelmannslaget. Slik har ho fått undervisning frå mange gode hardingfeleutøvarar, der Håkon Høgemo blir nemnt som ein som har vore ein viktig inspirator.

Mathilde spelar mest norsk folkemusikk, men er også innom andre musikksjangre på instrumentet sitt.

Folkemusikkarkivet gratulerer Mathilde med minneprisen!

Formålet med Audhild Flaktveit Moxnes' minnepris er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, 17 år gammal. I styret for minneprisen sit: Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Therese Moldestad, Vegard Opheim og Eva Marie Toppe.

Lydopptak av Mathilde Skjæret i Fylkesarkivet sin database finn ein her. Opptaka er frå årets Fylkeskappleik i Naustdal.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login