Vi møtest på Arkivdagen, laurdag 12.11

Vi møtest på Arkivdagen, laurdag 12.11

Arkivar Marit Anita Skrede i full gang med utstillinga om sjukehusstridane.
Protest er tema for årets Arkivdag. Midt i blinken for oss “Fjogningar” som vert skulda for å protestere og krangle om det meste, kanskje? Fylkesarkivet inviterer alle, både “kranglevorne” og fredsæle, til ope hus komande laurdag frå kl 11-15, på Fylkeshuset.

Om det er “Gudsens sanning kvart einaste ord” eller ei hardnakka myte at folk i Sogn og Fjordane krangar om det meste, slepp Fylkesarkivet ta stilling til, derimot kan vi gjennom arkiva våre vise ei rekkje døme på korleis folket i fylket har nytta ytringsfridomen sin gjennom tidene. Slike smakebitar vil vi gje på Arkivdagen.

Førebuingsarbeidet er godt i gang. Frå magasina vert det henta fram arkivmateriale, tekstar vert skrivne, utstillingar monterte, det vert laga plakatar og anna demonstrasjonsmateriale.  Ei multimedieframsyning er også under arbeid. Mykje arbeid ligg bak når sjukehusstridane, kampen mot utbygging av Gaularvassdraget, nedlegging av musikkterapiutdanninga på Sandane og nedskjering i fylkesmusikarordninga skal formidlast.

Dagens program:

Kl. 11.00 Dørene opnar.  Kafé, omvisingar og utstillingar.

Omvisinga i magasina skjer ved oppsamling av interesserte, før, under og etter foredraga.

Kl. 12.00 Johan Rørvik. Kampen mot mytane. Korleis Informasjonskomiteen for Vern om Gaula arbeidde for å redde Gaulavassdraget frå kraftutbygging. Føredrag i Firda-salen.

Kl. 14.00 Johs B. Thue. Eit riss av sjukehustridane i fylket. Føredrag i Firda-salen.

Vi ynskjer velkomen til utstillingar, boksal, omvising i magasina, spanande foredrag og ikkje minst smakfulle heimelaga kaker, kaffi og jus. Alt gratis.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

Al enviar éste formulario, usted acepta la política de privacidad de Mollom.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login