Inicio ›
Studentar vitja Fylkesarkivet
Studentar vitja Fylkesarkivet
Publisert av Ole Stian Hovland, onsdag 18.01.2012
Kva fins på Fylkesarkivet? Kan ein bruka privatarkiv eller kommunale arkiv som kjelder til bacheloroppgåva? Kva hjelp kan ein høgskulestudent få av ein arkivar?
Onsdag 18. januar fekk Fylkesarkivet besøk av historiestudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studentane tek bachelorgrad og skal læra om å bruka arkivmateriale som kjelder. For oss var det sjølvsagt stas å visa fram det origingale og unike arkivmaterialet me tek hand om, og me henta fram døme på privatarkiv og offentlege arkiv som studentane fekk granske.
Dei fekk også ei omvising i lokala til Fylkesarkivet og ei orientering om databasane våre og digitalisert arkivmateriale på nettet.
Comentarios
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker




Agregar comentario