Førde til Sogn

Førde til Sogn

Marit Steinset og Jan Birger Moe (Foto: Cecilie Astrup Bustad)
Marit Steinset og Jan Birger Moe (Foto: Cecilie Astrup Bustad)
Nedpakka arkivmateriale (Foto: Cecilie Astrup Bustad)
Nedpakka arkivmateriale (Foto: Cecilie Astrup Bustad)
Som den 23. kommunen i fylket har Førde kommune vedteke å avlevera det kommunale arkivmaterialet som er eldre enn 1964 til depot på Fylkesarkivet. Torsdag 26. januar var Fylkesarkivet i Førde for å planlegga arbeidet fram mot avleveringa som skal finna stad 20. mars.

Det er eit stort arbeid Førde kommune har å gjera med å klargjera arkivet til avlevering.  Cecilie Astrup Bustad og Marit Anita Skrede frå Fylkesarkivet hadde torsdag møte med Marit Steinset (arkivleiar) og Jan Birger Moe (leiar for administrasjonsavdelinga og personalsjef) frå Førde kommune om dette. Arkivet må pakkast ned, og alt må listeførast etter retningsliner som er vedtekne av Fylkesarkivet. Dette for at me skal ha oversikt over kva som blir flytta, og for å gjera jobben meir overkomeleg når arkivet kjem inn til
Hermansverk.

I fylgje Arkivlova (§5-1) skal arkiv som ikkje lenger er i bruk for administrative formål, avleverast til arkivdepot. Det er strenge krav til eit arkivdepot, mellom anna fysiske krav til lokalet og at publikum skal ha tilgjenge til avlevert arkivmateriale. Dette tilbyr Fylkesarkivet kommunane i Sogn og Fjordane. No er alle kommunane i fylket utanom Vik, Sogndal og Årdal med i denne depotavtalen.

Det er ein stor jobb som må gjerast med arkiva etter at dei er komne inn til Fylkesarkivet. Me jobbar stadig med å gjera tilgjengeleg arkiv frå kommunane. Oversikta over kva
som er registrert til no frå kvar kommune, finn du i arkivkatalogane. Samstundes blir det jobba med å digitalisera møtebøker frå kommunestyret og formannskapet frå alle kommunane. Parallelt går arbeidet med å laga eit register til desse møtebøkene.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

Al enviar éste formulario, usted acepta la política de privacidad de Mollom.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login