Formannskapsprotokollar på nett – eit unikt publikumstilbod
Formannskapsprotokollar på nett – eit unikt publikumstilbod
Ei sentral oppgåve for Fylkesarkivet er å formidle kva vi har i magasina våre slik at arkiva vert brukte. Formannskapsprotokollane står i ein særklasse som historisk kjelde. Digitaliserte tenester er viktige for å nå flest mogelege brukarar, og ei god digital formidlingsteneste for desse møtebøkene er høgt prioritert. I mange år har vi difor arbeidd med å digitalisere denne rike kommunale kjelda, mellom anna ved å publisere skanna formannskapsprotokollar og registrere saker dei folkevalde har hatt føre seg gjennom tidene.
Ressurstilgangen bestemmer kor stort trykk vi kan ha på arbeidet, men per no er det to personar ved avdelinga som er knytte til arbeidet med dei kommunale møtebøkene. Målet er å publisere alle protokollane frå 1837, då den folkevalde kommunen vart skipa, og fram til omlag 1950. Dette er eit tidkrevjande arbeid, og det er inga fare for at lærekandidat Carina Hatlevoll vil sleppe opp for skanningsarbeid med det fyrste. Ferdig skanna og kvalitetssikra protokollar vert kontinuerleg lagde ut på heimesidene våre under fana Digitaliserte protokollar/bøker http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=form&db=dbdokarkivbok
I databasane våre vil du ikkje berre finne skanna formannskapsprotokollar, men også eit møtebokregister. Dette møtebokregisteret gjev oversikt over innhaldet i formannskaps/kommunestyreprotokollane. Kommunane har utvikla seg mykje frå 1837, og desse endringane vil du kunne sjå gjennom sakene dei hadde oppe. På 1800-talet handla den kommunale politikken mest om skule, vegar og fattigvesen. I takt med samfunnsutviklinga elles fekk kommunane nye oppgåver, og endringa i den kommunale aktiviteten går svært godt fram gjennom saksregisteret.
Vi har registrert heile 96 000 saker og fleire vil kome. Om lag 75 000 av dei registrerte sakene har ein digital kjeldekopi. Med eit lite tastetrykk får du opp møteboksida og kan lese sjølve saka. Meir brukarvennleg kan det knapt bli. Målet vårt er i fyrste omgang å lage saksregister med kjeldekopiar fram til 1920.
Den siste protokollen prosjektarbeidar Bodil Nornes no har gått gjennom og laga ferdig saksregisteret på, er frå gamle Gulen kommune og viser aktiviteten til kommunestyret i perioden 1837 – 1885. Dette er den eldste kommunestyreprotokollen frå gamle Gulen kommune, og sak 1 er naturleg nok val av ordførar. Ved hjelp av kjeldekopien kan du lese korleis dette fyrste folkevalde kommunestyret gjekk føre seg, og at dei valde den kjende folkeopplysaren og prosten Niels Griis Dahl som ordførar. Kyrkjesongar Furnes vart vald som varaordførar.
Møteboka viser også at ordførar Dahl og det nyvalde formannskapet førte ein stri kamp mot sedløyse, alkohol og fattigdom. Ikkje berre det, men dei fatta også vedtak som streid mot det myndet formannskapet hadde. Mellom anna freista dei å hindre ekteskap mellom personar som kunne hamne på fattigkassa, og dette kunne ikkje amtmannen godta. Korrespondansearkivet til Gulen formannskap viser at dette var ikkje den einaste saka som skapte strid mellom kommunen og amtmannen desse fyrste åra. Formannskapslovene var ikkje heilt eintydige og ordføraren Dahl gjekk ikkje av vegen for å hevde sitt syn og føre sine kampar til det han meinte var det beste for sin kommune.
Du kan finne mange andre spanande saker i dei digitaliserte møtebøkene våre, og kan lese meir om den striden mellom ordførar Dahl og amtmannen i Kjelda http://www.fylkesarkiv.no/sites/default/files/kjelda2-2009.pdf#page=13
Comentarios
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker





Agregar comentario