Gaular: Avgangsvitnemål frå Lunde og Skilbrei krets

Gaular: Avgangsvitnemål frå Lunde og Skilbrei krets

Avgangsvitnemål frå Lunde og Skilbrei krets
Avgangsvitnemål frå Lunde og Skilbrei krets, Gaular kommunearkiv
Før jul fekk eg eit hyggeleg besøk på kontoret mitt. Eg fekk overlevert ein gamal skuleprotokoll frå Gaular. Det var ein protokoll som me ikkje hadde kjennskap til frå før. Med dette vart arkivet frå Gaular kommune litt meir komplett, og det gjev oss meir kunnskap om skulane på Lunde og Skilbrei. Som takk for protokollen laga me ein fin kopi til avsendaren.

Protokollen frå Lunde og Skilbrei skulekretsar var i bruk mellom 1892 og 1947. Her finn me alle avgangselevane i denne perioden. I protokollen er informasjon om kva gard dei budde på, når og kvar dei var fødde, når dei byrja på skulen, når dei tok avgangsprøven og kva karakterar dei fekk. Skuleprotokollar er såleis ein god inngangsport mellom anna til slektsforsking.

Fylkesarkivet er depot for kommunale arkiv frå 23 kommunar. Når kommunane avleverer arkiva til oss, gjer dei det dei kan for å få med alt arkivmaterialet. Men av og til er gamalt arkivmateriale plassert på stadar som ein ikkje kjenner til, til dømes i eit gamalt kommunehus eller heime hjå private. Når arkivmateriale dukkar opp, set Fylkesarkivet stor pris på å bli kontakta og få det deponert saman med resten av arkivet frå den aktuelle kommunen. Den kommunen som har skapt arkivet er eigaren, medan Fylkesarkivet tek vare på det og handsamar innsyn i det.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login