Gulen kommune er no i «boks»

Gulen kommune er no i «boks»

Vekas mål er nådd. Arkivboksar på rekkje og rad
Ein nøgd arkivar kan endeleg ta støvmaska av
Det går unna i hovudmagasinet for tida. Denne veka kom det eldste arkivet etter Gulen kommune på plass.

Avdelinga for kommunale arkiv har som årsmål å redusere
etterslepet med arbeidet innan samlingsforvalting til eit minimum, og arbeidet går
framover. Denne veka fekk vi grovordna det eldste arkivet etter Gulen kommune,
listeført det og sett det i system på sine respektive hyller. Neste steg i
prosessen er å klargjere arkivlistene digitalt.

Gamle arkiv kan ha hatt meir tvilsame tilhaldsstader før dei
blir deponerte hos oss og ber klart preg av dette.  Sopp, mugg og råte er ikkje ukjent for ein
arkivar, men slikt problemmateriale vert identifisert før det hamnar i magasina
våre.  Støv, skit og muselort derimot er
meir uproblematisk og handterleg problematikk, utriveleg, men ikkje til å unngå
i ein arkivkvardag. Heldigvis var det denne gongen berre ein kasse der vi måtte
støvsuge kvart dokument og kvar protokoll, og det var berre eitt dokument som
verkeleg hadde falt i smak hos musa.  Papir
er mat for mus så det kunne ha vore verre!

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

Al enviar éste formulario, usted acepta la política de privacidad de Mollom.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login