- Musikken endrar oss som menneske

- Musikken endrar oss som menneske

Hilde Bjørkum ( (c) pressefoto Førdefestivalen)
Hilde Bjørkum ( (c) pressefoto Førdefestivalen)
Førdefestivalen logo 2012
Førdefestivalen logo 2012
Bak Noregs største fleirkulturelle musikkarrangement står ei engasjert dame frå Naddvik i Årdal i Sogn. 5. - 8. juli er det klart for den 23. utgåva av Førdefestivalen. Tema for årets festival er sameksistens.

Hilde Bjørkum har, med nokre få avbrot, vore med i festivalleiinga frå starten i 1989. Bjørkum, som dei siste åra har hatt tittelen festivaldirektør, er ein føregangsfigur innan festivalarbeid. Ho sprudlar når ho fortel om årets festival, og ho har eit engasjement og ein entusiasme for festivalen som er beundringsverdig. Kor mange andre syner ein slik glødande lidenskap for arbeidet sitt etter å ha vore tilsett så lenge? Sjefen for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival brenn verkeleg for arbeidet sitt.

 

Når ho tek i mot meg på kontoret i Førdehuset ein ettermiddag i mai, er planen fyrst og fremst å drøfte kva konsertar eg som musikkarkivar skal dokumentere under årets Førdefestival. Men festivaldirektøren har òg teke seg tid til å late seg intervjue til Kjelda. Bjørkum var Fylkesarkivet sin aller fyrste musikkarkivar, og har sjølv arbeidd med innsamling, vern og formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonar frå Sogn og Fjordane. Ho har vore med på å byggje opp Førdefestivalen til å bli den største av sitt slag i Skandinavia, med over 250 artistar frå heile verda. Ho arbeider med å leggje til rette for formidling av musikk frå alle kontinent til om lag 25 000 publikummarar kvart år. Førdefestivalen, som alltid blir arrangert frå torsdag til sundag i veke 27, arbeider for å samle stemmar frå heile verda i Førde.

 

Lidvin Osland – ein handlingens mann

«Korleis oppstod idéen om å starte Førdefestivalen? Når oppstod idéen, og gjekk det lang tid frå idéen oppstod og til den fyrste festivalen vart gjennomført?»

«Det gjekk ganske kjapt,» fortel Hilde Bjørkum. «For det fyrste var det eit sterkt folkemusikkmiljø  i fylket. Her i Førde hadde me arrangert store festivalar tidlegare, som NU-stemne (Noregs Ungdomslag), Landskappleik og Landsfestival i gamaldansmusikk. Det var arrangørkompetanse og fagleg musikkompetanse her.»

«Ein del av oss hadde reist til utlandet og besøkt andre festivalar og sett korleis det var, så ein tenkte litt ‘Ja ja, kanskje ein kunne ha gjort noko slikt her i Førde’, men det vart ikkje noko meir enn det. Men Lidvin Osland, som då var fylkeskultursjef, hadde òg vore i Finland og besøkt Kaustinen folkemusikkfestival. Og Lidvin Osland er jo ein handlingens mann! Så skipinga av Førdefestivalen var ein kombinasjon av ein framsynt fylkeskulturbyråkrat som ville veldig mykje, og eit sterkt fagmiljø som kunne folkemusikkfaget, og som hadde arrangørkompetansen i botn.»

Bjørkum fortel at Førdefestivalen vart lansert under Vestlandskappleiken hausten 1989. Den fyrste festivalen skulle vere i Førde sommaren 1990. Ho blei engasjert i november 1989, fyrst i eit deltidsengasjement. «Då var det berre å setje i gong!», fortel festivaldirektøren.

«Kva utfordringar og problem har Førdefestivalen møtt på opp igjennom åra?»

Bjørkum ler. «I starten var det berre å få opp alt saman. Eg hadde ei 50 % stilling, og arbeidsbelastninga var jo 150 %.  Utfordinga var på ein måte alt! Ein skulle få i gong alt frå botnen av. Å få i stand finansieringa av festivalen, å ha eit budsjett, å vite kor mykje pengar ein hadde, å opparbeide eit nettverk mot artistar, og å få i gong alle system,» fortel ho. Dei fyrste åra inngjekk Førdefestivalen eit samarbeid med Falun-festivalen i Sverige og Kaustinen-festivalen i Finland. Dei tre nordiske festivalane hadde fleire felles artistar.

Bjørkum fortel at ei anna utfording har vore knytt til festivalen sin vekst. «Me har vore avhengige av dugnadsinnsats, og den har vore heilt eineståande.» Festivaladministrasjonen har vakse frå ei halv stilling til å telje seks tilsette pr. 2012. «Det er heilt annleis no. Me har gått frå å vere ein heilt liten festival til å ha 25 000-30 000 besøkjande årleg. Fyrste året var det 6000 besøkjande, andre året 9000, og tredje året dobla det seg til 18 000!» ler Bjørkum. «Då hadde me kjempestore logistikkproblem, me måtte flytte konsertar til større salar, og alt berre tok heilt av. Klart at det var veldig moro òg, men det var samstundes ganske tøft».

«Det har vore utfordrande, interessant og utruleg lærerikt å få lov til å vere med å byggje opp festivalen,» seier Bjørkum. «I verdssamanheng eller europeisk samanheng er jo Førde ein bitteliten plass, så folk blir overraska over at det er ein så stor festival på ein så liten stad. Men det har vore noko av utfordringa òg,» fortel ho. «Det at me er på ein liten plass, og det å få pressa til å kome hit frå Oslo. Det har riktig nok kome seg no, men det har vore hardt arbeid for å kome dit me er i dag. Men det er klart, som folkemusikk-/verdmusikkfestival får me ganske bra merksemd frå internasjonal presse.» Bjørkum fortel at den norske pressa, i alle høve rikspressa, har kome etter den utanlandske pressa. «Det er ei utfording med kompetansen på denne type musikk i dei ulike media. Dei som er i pressa veit ikkje kor store namn me eigentleg får hit til Førde». Då er det annleis med internasjonal presse, seier ho. «Den utanlandske pressa sender gjerne ein fagjournalist som har peiling på verdsmusikk. Me har opplevd at folk med fagekspertise har rapportert heilt fantastisk flott frå festivalen. Det igjen har kanskje vore med på å påverke den norske pressa.»

 

Festivalen får knutepunktstatus

Etter at Førdefestivalen fekk knutepunktstatus i 2005 har dei fått meir midlar til å arbeide opp mot pressa. Knutepunktstatusen gjer at festivalen kjem inn under ein eigen post på statsbudsjettet. Det fører også til at festivalen får større ressursar frå stat, fylke og kommune.

«Staten har ein fast avtale med fylket og kommunen om at staten yter 60 % av den offentlege driftsstøtta, og da yt regionen til saman 40 %,» fortel Bjørkum. Festivalen har dessutan mange trufaste sponsorar som har vore med veldig lenge. «Men det er vanskeleg å få på plass dei store sponsormidlane frå nasjonale bedrifter med hovudkontor i Oslo,» seier ho. Sparebanken Vest er generalsponsor, medan Rica Sunnfjord Hotell er festivalhotell. Sunnfjord Energi og Mediehuset Firda er viktige sponsorar. Festivalen har nyleg fått i stand ein avtale med Den Norske Turistforening. I samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag inviterer festivalen i år for fyrste gong til konsert på Hundsrasta ved Bekkjavatnet. Konserten Litjtausa er eit samarbeid mellom dei unge felespelarane Julie Alapnes Normann og Marie Forr Klåpbakken.

Festivalen har ein kommunikasjonssjef, og dessutan ein tilsett som arbeider med økonomi, administrasjon og sal. Førdefestivalen freistar å nå publikum gjennom publiseringskanalar som annonsering, sosiale media og elektronisk nyhendebrev. Som ein del av arbeidet opp mot dei mange utanlandske artistane som spelar på festivalen, samarbeider dei med MEN (Music Export Norway), MIC (Norsk Musikkinformasjon), Utanriksdepartementet og ambassadane i dei ulike landa. 

«Som knutepunktinstitusjon er kompetansedeling ei viktig oppgåve for festivalen, og me skal vere ein fagleg spydspiss. Men gjennom året skal me og ha utettervend verksemd, ikkje berre konsertverksemd frå torsdag til sundag i veke 27,» fortel Bjørkum. Døme på denne utettervende verksemda er FolkJazz-scena. Artistar som Annbjørg Lien med band, og Unni Løvlid & Eva Quartet har i løpet av det siste året heldt konsertar i Operahuset i Nordfjord og på Ciderhuset i Balestrand. Dessutan står Førdefestivalen bak tilskipinga Barnas verdsdag. Laurdag 19. november vart små og store inviterte til song-, dans-, og musikkverkstadar i Førdehuset.

 

- Musikken endrar oss som menneske

«Kan du seie noko om kva posisjon og verdi Førdefestivalen har? Kva betyr opprettinga av festivalen?»

«Festivalen har ein eineståande verdi for Førde og heile Sogn og Fjordane, slik eg ser det», svarar Bjørkum. «Og Noreg, for den del. Fordi me får så mykje kred, og fordi me har blitt kåra til ein av dei 25 beste folkemusikkfestivalane i verda fleire gonger. Det at festivalen vert skildra som eit kvalitetsprodukt er kjempeviktig, og det å ha ei slik merkevare har mykje å seie for samfunnet i Førde».

Bjørkum fortel at for hennar del er det to ting som er spesielt viktig og motiverande i arbeidet: «Det å møte publikum og deira fantastiske reaksjon når dei kjem ut frå ein konsert med stjerner i augo og seier ‘Hilde, herregud, eg visste ikkje ein gong at slik musikk fanst! Denne konserten kjem eg til å hugse så lenge eg lever!’. Når publikum kjem med slike tilbakemeldingar, er det ein særleg sterk motivasjon for meg. Det er så flott å få vere med på å kunne leggje til rette for at folk får sånne sterke opplevingar, som eg faktisk trur er med på å endre oss som menneske. At me tenkjer annleis om andre folk og kulturar enn me har gjort før, og at me får opplevingar som me aldri gløymer.»

Resten av intervjuet med Hilde Bjørkum kan ein lese i Kjelda nr. 2 2012, som kjem seinare i juni.

Del artikkel

Del sida

Agregar comentario

El contenido de este campo se mantiene privado y no se mostrará públicamente.
  • Las direcciones de las páginas web y las de correo se convierten en enlaces automáticamente.
  • Etiquetas HTML permitidas: <h3> <a> <em> <strong> <cite> <code> <ul> <ol> <li> <dl> <dt> <dd>
  • Saltos automáticos de líneas y de párrafos.

Más información sobre opciones de formato

By submitting this form, you accept the Mollom privacy policy.

Comentarios

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 65 61 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login